1797

år

1797 (romartal MDCCXCVII) var eit vanleg år (utan skotdag) som byrja på ein sundag. Den franske revolusjonen og revolusjonskrigane prega dette året.

< 1797 >

1795 | 1796 | 1797 | 1798 | 1799

Hendingar

Utlandet

Flagget til Den cisalpinske republikken.
  • 7. januar: Den cisalpinske republikken tok i bruk ein trikolor som skulle utvikla seg til det italienske flagget.
  • 18. februar: Den spanske guvernøren av Trinidad overgav kolonien til ei britisk marinestyrke leia av Sir Ralph Abercromby.
  • 22-24. februar: Siste invasjonen av Storbritannia, der styrkar frå det revolusjonære Frankrike gjekk i land i Wales, blei slått tilbake.
  • 17. april: Sir Ralph Abercromby utførte eit mislukka åtak på San Juan på Puerto Rico.
  • 12. mai: Revolusjonskrigane. General Napoleon Bonaparte erobra Venezia, som til då hadde hatt sjølvstende i over tusen år. Den siste dogen av Venezia, Ludovico Manin, gjekk av.
  • 17. oktober: Freden i Campo Formio gjorde slutt på den første koalisjonen og krigen mellom Frankrike og Austerrike, første delen av revolusjonskrigane.
  • Robert Fulton konstruerte han ein u-båt, Nautilus, og testa han ut i Seinen.

Noreg

Fødde

Sjå òg Fødde i 1797.

Døde

Mary Wollstonecraft, måla om lag det året ho døydde av John Opie.
Sjå òg Døde i 1797.
  • 22. februar: Karl Friedrich Hieronymus Freiherr von Münchhausen, tysk offiser kjend som eventyraren og løgnaren Baron von Münchhausen
  • 2. mars: Horace Walpole, engelsk politikar
  • 26. mars: James Hutton, skotsk nyskapande geolog
  • 31. mars: Olaudah Equiano, afrikansk-britisk forfattar og slaverimotstandar, også kjend som Gustavus Vassa
  • 9. juli: Edmund Burke, irsk filosof
  • 10. september: Mary Wollstonecraft, britisk feminist og forfattar, etter fødselen av dottera Mary (Shelley)
  • 9. oktober: Vilna Gaon, litauisk rabbinar
  • Agonglo, konge av Dahomey
<   1700-talet   >

< 1700 | 1701 | 1702 | 1703 | 1704 | 1705 | 1706 | 1707 | 1708 | 1709 | 1710 | 1711 | 1712 | 1713 | 1714 | 1715 | 1716 | 1717 | 1718 | 1719 | 1720 | 1721 | 1722 | 1723 | 1724 | 1725 | 1726 | 1727 | 1728 | 1729 | 1730 | 1731 | 1732 | 1733 | 1734 | 1735 | 1736 | 1737 | 1738 | 1739 | 1740 | 1741 | 1742 | 1743 | 1744 | 1745 | 1746 | 1747 | 1748 | 1749 | 1750 | 1751 | 1752 | 1753 | 1754 | 1755 | 1756 | 1757 | 1758 | 1759 | 1760 | 1761 | 1762 | 1763 | 1764 | 1765 | 1766 | 1767 | 1768 | 1769 | 1770 | 1771 | 1772 | 1773 | 1774 | 1775 | 1776 | 1777 | 1778 | 1779 | 1780 | 1781 | 1782 | 1783 | 1784 | 1785 | 1786 | 1787 | 1788 | 1789 | 1790 | 1791 | 1792 | 1793 | 1794 | 1795 | 1796 | 1797 | 1798 | 1799 >