E

Alfabetet
ABCDE
FGHIJ
KLMNO
PQRST
UVWXY
ZÆØÅ

Bokstaven E er den femte bokstaven i det latinske alfabetet. Det er ein fremre, halvtrong vokal. I dei semittiske og egyptiske alfabeta var han ein konsonant (ein H-lyd), men i gresk har han fått verdien e. I det eldste runealfabetet vert han skrive som den tredje runen i tredje ætt, som truleg er danna av ein liggande E. Det yngre runealfabetet har ikkje noko særskild E-teikn, men nyttar I for både E og I. I norsk viser E til både den reine e-lyden (ren, vet), æ-lyden (både kort og lang, til dømes herre) og den sentrale vokalen ə i trykklette stavingar (lese). I personnamn er e etter i (etter tysk mønster) ofte stum og viser at i er lang, til dømes Diesen.

E kan stå for

Bokstaven E

e kan stå for

  • e, eller Eulers tal, er grunntalet i naturlege logaritmar. Talet er irrasjonalt og transcendent.
  • symbol for elektron.
  • symbol for den elektriske elementærladinga, dvs. ladningen til eit proton; 1,602 177 · 10–19 coulomb. Ladningen til elektronet er –e.
  • e- eller ex- i sammensette ord frå latin er den latinske preposisjonen ex som tyder «ut av». Føre konsonantar har dette forma e, som til dømes i emigrere og erupsjon.
  • forkorting for elektronisk, til dømes e-post eller e-marknadsføring.

Kjelder

«E – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.