Hendingar
- Septimius Severus vitja Syria, Palestina og Arabia.
- Palestina fekk eit kraftig økonomisk oppsving grunna den økonomiske politikken til Severus.
- Provinsen Numidia blei fjerna frå styret til den afrikanske prokonsulen og gjort om til ein keisarleg provins.
- Den jødiske lærde Judah ha-Nasi kodifiserte Mishnah, byrjinga til danninga av den talmudske loven.
- Clemens av Alexandria godkjende musikkinstrument til å vera støtte for menneskelege røyster i kristen musikk.
- Den kinesiske krigsherren Cao Cao sigra over Yuan Shao i slaget ved Guandu.
- I Japan auka Himiko (som hadde hovudstad i Yamatai) autoriteten sin over eit tal klanar.
- Yuan Shao stilte opp ein hær med 100 000 mann og marsjerte til Xuchang.
- Den klassiske æraen til mayakulturen blei innleia.
- Folketalet i verda var omkring 257 millionar.
Fødde
- Diofantos, gresk matematikar.
- Marcus Claudius Tacitus, romersk keisar.
- Valerianus I, romersk keisar.
Døde
- Sun Ce, eldre bror til grunnleggjaren av kongeriket Wu, Sun Quan.