Afroamerikanarar

Afroamerikanarar (engelsk Afro-Americans), afrikansk-amerikanarar (African Americans) eller Black Americans viser til den folkesetnaden i USA som i større eller mindre grad stammar frå afrikanske folkegrupper med mørk hudfarge.[1] Dei fleste er etterkommarar etter afrikanske slavar som vart tekne til det amerikanske kontinentet under den transatlantiske slavehandelen.[2]

Fordelinga av rasar i USA ved folketeljinga i 2000. «Svarte», markert i mørkeraudt, utgjorde 12,3 %

«Black or African American» var den tredje største rasekategorien i USA (etter «White Americans» og «Hispanic and Latino Americans»).[3] Dei fleste afroamerikanarar stammar frå folk haldne som slavar innanfor ei noverande grensen til USA.[4][5] Vanlegvis har dei vest- eller sentralafrikansk og europeisk opphav, og nokre av dei stammar også frå amerikanske urfolk.[6] Ifølgje data frå U.S. Census Bureau identifiserer nye innvandrarar frå Afrika til USA seg som regel ikkje som afroamerikanarar, men etter den afrikanske etnisiteten sin (≈95 %).[7] Innvandarar frå nokre karibiske og latinamerikanske land og etterkomarane deira kan i nokre høve identifisera seg og i andre høve ikkje identifisera seg med omgrepet.[8]

Sjå òg

Kjelder