Akkad

Akkad var hovudstaden i Det akkadiske riket, det første semittiske riket i Mesopotamia, som tok over makta etter Sumer. På sumerisk blei byen kalla Agade.

Akkad låg nord i Sør-Mesopotamia, på ein stad som i dag er ukjend. Han låg truleg ved Eufrat og mellom Kish og Sippar. Eit utbreidd syn er at han låg nær dagens Bagdad.

Ifølgje akkadiske skrifter blei byen bygd av erobraren Sargon av Akkad, som levde på 2300-talet f.Kr. Ei tidlegare innskrift frå sumerherskaren Enshakushanna nemner likevel Agade som ein by han erobra, noko som tyder på at byen er eldre. Akkad blei fullstendig øydelagd på 2100-talet f.Kr. og aldri gjenoppbygd. Ein sumerisk tekst, «Forbanninga av Agade», fortel at byen blei øydelagd som hemn frå gudane fordi kongen hadde plyndra templa til Enlil.[1] Forbanningsteksten skildrar korleis «åkrar ikkje gav korn» og «flaum ikkje gav fisk». Medan ein lenge rekna med at Akkad var blitt hærteken av fiendtlege grupper, kan arkeologiske funn frå Tell Leilan tyda på at kraftige klimaendringar med redusert nedbør førte til at både byen og Akkaderiket forsvann.[2]

Akkad er nemnd som ein del av Nimrod sitt kongedøme i Første Mosebok.[3]

Kjelder

«Akkad» i Store norske leksikon, snl.no.

Fotnotar