Alta-Kautokeino-vassdraget

Alta-Kautokeino-vassdraget er ei elv i Finnmark fylke som startar på Finnmarksvidda ved grensa til Finland og fylkesgrensa mot Troms, og renn ut i Altafjorden. Elva er 229 km lang og har eit nedslagsfelt på 8963 km². Elva er med dette den 11. lengste i landet og den tredje lengste i Finnmark. Når ein ser på nedslagsfelt er elva den sjuande største i Noreg og framleis den tredje største i Finnmark.[1] Elva renn igjennom Kautokeino kommune og Alta kommune. Øvre del av elva ned til Alta Kraftverk heiter Kautokeinoelva og nedre del heiter Altaelva.

Alta-Kautokeinovassdraget
elv
Land Noreg
FylkeFinnmark
KommunarAlta, Kautokeino
Nedslagsfelt8 963 km²
Renn gjennomKautokeino, Alta
SideelvarEibyelva, Gargiaelva, Mázejohka,
Lahpojohka, Čábardasjohka,
Siebejohka, Bizejohka,
Luhppojohka, Hávgajohka
Lengd229 km
Middelvassføring101 /s
KjeldeBajit Vuohcetjávri
 - høgd440 moh.
MunningAltafjorden

Elva vart kjend under utbygginga av Alta Kraftverk, og demonstrasjonane mot utbygginga i åra 1979-1981.

Brukarar av vassdraget

Kart over reguleringa av Alta-Kautokeino-vassdraget

I vassdraget er det to kraftverk, Alta kraftverk som er eigd av Statkraft SF og Čábardasjohka kraftverk som er eigd av Nord-Troms Kraftlag AL. Grunnvatnet frå vassdraget blir brukt til drikkevatnsuttak fleire stader. Største vassverk er Alta vannverk som pumpar ut grunnvatn til bruk i Alta by. Det vert drive med fiske i heile vassdraget. Vassdraget blir òg nytta som transportåre med båt, primært til privat bruk, men òg noko turisttrafikk.

Verneområde

Dei delane som ikkje er utbygd, er verna mot utbygging i følgje verneplan II for vassdrag.

Det finst to naturreservat i nedbørsområdet til vassdraget, og det er Goskamark naturreservat i Alta kommune og Máze naturreservat i Guovdageaidnu/Kautokeino kommune. Fleire område er foreslått verna.

Busetnad

Det er lite busetnad langs elva sidan ho stort sett renn på Finnmarksvidda. Hovudtyngda av busetnad i nedbørsfeltet finst i området rundt Alta. Det bur om lag 7000-8000 menneske i nedbørsfeltet til vassdraget.[2]

Tettstader ved vassdraget:

  • Alta
  • Øvre Alta
  • Eiby
  • Storelvdalen
  • Gargia
  • Máze
  • Heammogieddi
  • Mieron
  • Kautokeino
  • Siebe
  • Áidejávri
  • Ákšomuotki

Elvar og sideelvar

johka = elv på samisk

Attraksjonar

  • Alta Canyon, den største canyonen i Nord-Europa.
  • Alta Kraftverk, den mest omstridde vassdammen i Noreg på 110 meter.
  • Pikefossen, ein 8 meter høg foss 18 km sør for Máze.

Fiskeslag

Nedanfor Alta Kraftverk er i tillegg desse sortane:

Kjelder

🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen