Angrepsspelar i fotball

Angrepsspelar, angripar eller spiss er dei spelarane i fotball som ligg fremst på banen, føre forsvararar og midtbanespelarar, og nærast målburet til motstandarlaget. Den fremste oppgåva til angriparane er å skåre mål.

Ein angrepsspelar skårar mål

Angriparane[1][2] har fleire namn etter posisjonen deira, og dei vanlegaste er spiss, høgre eller venstre angripar og ving.

Spiss

Spissen eller den sentrale angriparen, (på engelsk centre forward eller striker)[3][4] er den angriparen som spelar nærast målet til motstandarane. Hovudoppgåva er å skåre mål, men spelaren kan òg ha i oppgåve å halde på balle, ein såkalla «target spiss» for å la dei andre spelarane i laget flytte seg fram i banen. I moderne fotball spelar mange lag med ein såkalla «falsk niar» (nummer ni var tradisjonelt draktnummeret til spissen). Rolla inneber at atin spelar utan tradisjonelle spisseigenskapar har denne rolla, men i staden for å tradisjonelt spela nær midtstopparane til motstandarane, flyttar dei seg fritt i angrepet og kjem òg djupt ned i banen for å hente ballen og skape eit overtal på midtbanen.

Angripar

Høgre- eller venstreangripar er ein offensiv spelar med utgangspunkt sentralt i angrepslinja ved sida av spissen. Det har òg vorte nytta venstre og høgre indreløpar om desse angrepsspelarane og oppgåva deira er tradisjonelt å skape målsjansar og gjere mål.

Hengande spissar

Ein hengande spiss (på engelsk second striker)[3][4] er ein spelar som ofte har ei meir fri rolle enn spissen og fleire av dei mest hylla spelarane i verda har spelt i denne rolla, ofte med nummer ti på ryggen. På italienske lag vert rolla ofte kalla trequartista og indikerer at spelaren opererer i den tredje «fjerdedelen» eller «kvarten», mellom den andre på midtbanen og den fjerde i angrepet. Rolla til den hengande spissen er å kombinere midtbanen og angrepet og gjennom teknikk og kreativitet skape målsjansar både for seg sjølv og for lagkameratane sine. Posisjonen mellom midtbanen og angrepet gjer spelaren vanskeleg å markere for motstandarane.

Ving

Ein ving eller kantspelar (på engelsk winger, wing-half eller outside midfielder)[3][4] er ein offensiv spelar med utgangspunkt på kanten. Ein ving kan, etter kor høgt opp i banen han starta, reknast som både angripar og midtbanespelar. Rolla til vingen var tradisjonelt å gjennom fart og teknikk ta seg forbi sidebackane til motstandarane for å så innlegg mot midten. I moderne fotball har mange lag valt å nytte seg av vingar som i staden går innover i banen for å kome på skothald. Denne posisjonen vert på engelsk kalla inverted winger.

Sjå òg

Kjelder