Another Brick in the Wall

Another Brick in the Wall
Singel av Pink Floyd
frå albumet The Wall
Språkengelsk
Utgjeve30. november 1979
InnspeltApril-november 1979
SjangerProgressiv rock
Lengd10:26 (alle delar)
3:15(part I)
4:00(part II)
1:11(part III)
SelskapHarvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US)
KomponistRoger Waters
TekstforfattarRoger Waters
Låtskrivar(ar)Roger Waters
ProdusentBob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters
Pink Floyd-kronologi 
«Have a Cigar»
(1975)
Another Brick in the Wall«Comfortably Numb»
(1979)


«Another Brick in the Wall» er tittelen på tre songar av Pink Floyd, som inneheld små variasjonar av det same musikalske temaet. Songane vart gjevne ut på albumet deira The Wall frå 1979, og hadde undertitlane «Part I», «Part II» og «Part III», og alle er skrivne av Roger Waters.

«Part II» er nok den mest kjende av desse, og vart ein stor hit i 1980. Songen inneheld den kjende tekstlinja «We don't need no education». Singelen gjekk til topps både i Europa og USA, og i Storbritannia var det den første singelen deira sidan 1968. Songen er ein protestsong mot strenge skulesystem, og særleg kostskular. Derfor vart songen forboden i fleire land.

Pink Floyd trong ein skuleklasse til å synge på «Part II», og spurte Alun Renshaw på den lokale skulen Islington Green i nærleiken av studioet deira Britannia Row Studios. Koret vart tatt opp tolv gongar og lagt oppå kvarandre, for at koret skulle virka mykje større enn det var. Skulen fekk 1000 pund for jobben, og det vart ikkje avtalt noko vidare honorar. I 1996 saksøkte derimot heile koret Pink Floyd, og kvart medlem fekk rundt 500 pund kvar.

Pink Floyd vart nominert til ein Grammy Award for «Part II» i klassen Beste musikkstykket av ein rockeduo eller gruppe, men tapte for Bob Seger-songen «Against the Wind».

I 1980 vart songen brukt som ein protestsong av mørkhuda studentar under «Elsie’s River»-opprøret i Sør-Afrika, der dei protesterte mot rasistisk propaganda og fordommar i det offisielle pensumet. 2. mai 1980 vart songen forboden av regjeringa.

Konsept

Part I

Komposisjon

Del ein av songen er roleg og inneheld ein lang og dempa gitarsolo. Vokalen er rolegare enn på dei to andre delane, sjølv om slutten av vokalpartiet aukar litt i volum. Denne delen inneheld ikkje trommer.

Plott

The Thin Ice, den tynne isen, frå songen før «Part I» bryt når hovudpersonen Pink vert eldre og får vite om dødsfallet til faren. Pink vert ute av seg når han skjønar dette og byrjar å bygge muren rundt seg (The Wall).

Filmversjonen

Ein ser mora til Pink som ber i kyrkja, etter at ektemannen hennar har døydd i krigen. Pink skjønar ikkje noko av dette på denne tida og leikar med leikeflyet sitt. Songen held fram med at Pink leikar i ein park, medan mora går for å handle varer. Pink ser ein mann som hjelp han opp på eit leikeapparat, og Pink føler at dette kunne ha vore faren hans. Pink følgjer etter mannen og son hans, og forstår ikkje kvifor mannen ikkje gjev han meir merksemd. Han tar tak i handa til mannen, men vert jaga bort. Han prøver å holde mannen i handa igjen, men vert igjen jaga bort, før han sørgjeleg går og set seg på ei huske.

Part II

Komposisjon

På albumversjonen av The Wall glir «Part II» over frå det fjerde sporet «The Happiest Days of Our Lives» med eit skrik av Roger Waters (desse skrika var eit av Waters sine varemerke, truleg mest kjend på «Careful with That Axe, Eugene»). På radio vert desse to songane ofte spelt etter kvarandre på grunn av måten dei glir over i kvarandre på. Songen har ein kraftig rytme og karakteristiske gitarparti i bakgrunnen med ein glatt, og likevel skarp gitarsolo. Songen inneheld òg det nemnde skulekoret på leiande vokal i fleire delar av songen, og som bakgrunnsvokal i andre delar. Mot slutten av songen kan ein høyre ein lærar som skrik med skotsk aksent «Wrong, do it again» etterfølgd av «If you don't eat your meat, you can't have any pudding! How can you have any pudding if you don't eat your meat?», og til slutt «You... Yes, you behind the bike shed... stand still laddie!», før ein høyrer ungar som ropar og skrik på det som høyrest ut som ein leikeplass. Ein kan òg høyre eit svakt linjesignal frå ein telefon heilt på slutten.

Singelutgåva av songen har ein litt anna intro, med eit par taktar med berre trommer før resten av songen set i gang.

Handling

Elevane på Pink sin skule byrjar å protestere mot dei mishandlande lærarane sine. Dette fører til at Pink vert meir isolert frå omverda. Enno ei brikke i muren.

Filmversjonen/Musikkvideoen

Etter hendingar i «The Happiest Days of Our Lives» byrjar Pink å dagdrømme i timane, og han ser for seg mange elevar som marsjerer mot ein stor maskin, før dei kjem ut på andre sida av maskinen kledd i like masker sittande ved skulepultar. Så ser ein elevane som marsjerer gjennom korridorane på ei rekkje. Ein kan så sjå læraren i midten som skrik og kommanderer. Under refrenget ser ein eit kor av elevar som syng refrenget. Så er det tilbake til læraren som kommanderer litt meir, og Pink som får kjeft av læraren. Mot slutten av songen marsjerer elevane mot ein stor kjøtkvernliknande metallkasse, som dei dett oppi ein etter ein, før ein ser at dei kjem ut av kverna som ein kjøttdeigliknande masse, eit symbol på å vere «tilpassa samfunnet». Under den siste gitarsoloen bryt elevane ut, tar til seg brannøkser og øydelegg stolar og pultar. Enkelte elevar har sleggjer som dei slår ned veggane med. Heilt mot slutten står skulen i brann, store bål krinsar skuleplassen og ein kan sjå elevar som ber vekk læraren. Ein kan så sjå Pink som sit ved pulten sin og dagdraumar igjen.

Før filmen kom ut hadde den første videoen studentar som spring rundt på leikeplassen med den store oppblåste dokka av læraren frå The Wall-konsertane hengjande over seg. Her vart det òg brukt nokre animerte klipp, som vart brukt i «The Trial», og desse klippa var regissert av Gerald Scarfe.

Part III

Pink vel å gjere ferdig muren som eit resultat av raseriutbrotet hans etter at kona var utru mot han. Han konkluderer med at han «ikkje treng noko i det heile tatt» og ser berre på personane i livet sitt som «klossar i muren».

Salslister og salstrofé

Vekeslister

Liste (1979–80)Plassering
Australia (Kent Music Report)[1]2
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[2]1
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[3]2
Kanadiske RPM Top Singles[4]1
Danmark (Hitlisten)1
Finland (Suomen virallinen lista)[treng kjelde]1
Tyskland (Media Control AG)[5]1
Irland (IRMA)[6]1
Israel[7]1
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[8]3
Nederland (Mega Single Top 100)[9]4
New Zealand (RIANZ)[10]1
Noreg (VG-lista)[11]1
Portugal[7]1
Sør-Afrika (Springbok Radio)[12]1
Spania (PROMUSICAE)[13]Mal:Unreliable source?2
Sverige (Sverigetopplistan)[14]1
Sveits (Schweizer Hitparade)[15]1
UK Singles (Official Charts Company)[16]1
US Billboard Hot 100[17]1
US Cash Box Top 100[18]1
Liste (2012)Plassering
Frankrike (SNEP)[19]118

Årslister

Liste (1980)Passering
Australia[20]4
Canada[21]1
Tyskland[22]2
New Zealand[23]5
Sør-Afrika[24]8
Sveits[25]1
US Billboard Hot 100[26]2
US Cash Box[27]3

Sal og salstrofé

RegionSalstroféSalstal
Frankrike (SNEP)[28]Gull841,000[29]
Danmark (IFPI Danmark)[30]Gull5 000^
Tyskland (BVMI)[31]Gull250 000^
Italia (FIMI)[32]Gull15 000*
Spania(PROMUSICAE)[33]Gull50,000^
Storbritannia (BPI)[34]Platina1,100,000[35]
USA (RIAA)[36]Platina+Gold1,500,000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Medverkande

Personell per The Pink Floyd Encyclopedia.[37]

Part I

Part II

  • Roger Waters – bass, vokal (unisont med Gilmour)
  • David Gilmour – gitar, vokal (unisont med Waters)
  • Nick Mason – trommer
  • Richard Wright – Hammondorgel, Prophet-5 synthesiser
  • Elevar ved Islington Green School (organisert av Alun Renshaw) – vokal

Part III

  • Roger Waters – bass, vokal, rytmegitar
  • David Gilmour – sologitar
  • Nick Mason – trommer
  • Richard Wright – Prophet-5 synthesiser

Korn-versjonen

Another Brick in the Wall, Pts. 1–3
Singel av Korn
frå albumet Greatest Hits, Vol. 1
Språkengelsk
UtgjeveDesember 2004
Innspelt2004
SjangerAlternativ metal
Lengd7:08
SelskapEpic
KomponistRoger Waters
TekstforfattarRoger Waters
Produsent
Korn-kronologi 
«Word Up!»
(2004)
Another Brick in the Wall, Pts. 1–3«Twisted Transistor»
(2005)


Nu metal-bandet Korn spelte alle tre delane i lag med «Goodbye Cruel World» i 2004 for samlealbumet Greatest Hits, Vol. 1. Songen kom ut på singel og nådde 37. plassen på Alternative Songs-lista og 12. plassen på Mainstream Rock-lista i USA. Det var den siste Korn-singelen som vart spelt inn med den originale besetninga, sidan Brian Welch slutta i 2005.[38][39] Ein live musikkvideo vart laga for å marknadsføre singelen, regissert av Bill Yukich.[40]

Will Levith frå Ultimate Classic Rock kalla versjonen til Korn «ein av dei verste coverversjonane av ein classic rock-song gjennom tidene.»[41] Jason Birchmeier frå AllMusic skilda han som «overanstrengt, likevel å ein forførande måte».[42]

Innhald

Nr.TittelLengd
1.«Another Brick in the Wall»7:08

Salslister

Liste (2004)Plassering
US (Billboard) Alternative Songs[43]37
US (Billboard) Mainstream Rock[44]12

Medverkande

  • Jonathan Davis - vokal
  • James «Munky» Shaffer - sologitar
  • Brian «Head» Welch - rytmegitar
  • Reginald «Fieldy» Arvizu - bass
  • David Silveria - trommer

Andre versjonar

  • I 1980 laga Barron Knights ein humoristisk versjon som ein del av ein julesingel kalla «Never Mind the Presents» med tekstlinja «Hey, Santa, leave the booze alone».
  • I 1998 vart «Part II» spelt av «Class of ’99» for filmen The Faculty. Ein coverversjon av «Part I» var og ein del av filmmusikken.
  • På slutten av songen «Revelation» frå bandet D12 sitt album Devil’s Night kan ein høyre «How can you have any pudding if you don't eat your meat??!!».
  • Bandet Dirty Vegas brukte eit utdrag av «Part II» i songen sin «Simple Things, Part 2».
  • Popgruppa Girls Aloud hadde ein del av «Part II» i introduksjonen til songen sin «No Good Advice» på konsertar i 2005.
  • Humorgruppa Richard Cheese and Lounge Against the Machine spelte «Part II» på albumet sitt The Sunny Side of the Moon: The Best of Richard Cheese frå 2006.
  • Eric Prydz hadde ein remix av «Part II» som ein del av singelen «Proper Education». Sporet var kredittert til «Eric Prydz vs. Floyd».

Kjelder


Føregangar
«Don't Stop 'Til You Get Enough»
Michael Jackson
Toppen av VG-lista
Pink Floyd

10 veker, veke 7–16, 1980
Etterfylgjar
«Sámiid Ædnan»
Sverre Kjeldsberg og Mattis Hætta