Arne Torp

Arne Torp (fødd 14. oktober 1942 i Holt i Tvedestrand) er ein norsk professor i nordisk språkvitskap ved Institutt for lingvistiske og nordiske studie ved Universitetet i Oslo.

Arne Torp
StatsborgarskapNoreg
Fødd14. oktober 1942 (81 år)
Holt kommune
Yrkelingvist, universitetslærar
BornAne Dahl Torp

Arne Torp har skrive fleire lærebøker, både for universitets- og høgskulesektoren og for vidaregåande skule. Arne Torp var i fleire år medlem av Norsk Språkråd og har delteke i ei rekkje radio- og fjernsynsprogram, m.a. i Typisk norskNRK. På heimesida si har han også laga videosnuttar av seg sjølv der han framfører gamle kvad og heltedikt på norrønt og urnordisk.[1]

I 2008 deltok Arne Torp i ein serie med radioreklamar for daglegvarekjeda Joker, der han gissar kvar dei ulike butikkane ligg, etter å ha høyrt dialektane til dei lokale butikkmedarbeidarane som les opp vekas tilbod.

Arne Torp var leiar i Landslaget for språklig samling (LSS) frå 1989 til 1993. Fra 1993 til 2003 var han redaktør av bladet Språklig samling.

Arne Torp er far til skodespelarinna Ane Dahl Torp.

Nokre publikasjonar

  • R - ei urokråke i språket (Det norske samlaget, 2007)
  • Språk i Norden, nordiske språk og skandinavisk språkforståelse (2006)
  • Gjerstadmålet (2005)
  • Hovuddrag i norsk språkhistorie med Lars S. Vikør. (Gyldendal, 2003)
  • Språklinjer : språkhistorie for den videregående skolen med Berit Helene Dahl. (Aschehoug, 2003)
  • Språkutviklinga dei siste hundre åra (2002)

Kjelder

Fotnote