As-Salt

Salt (arabisk السلط, Al-Salt) er ein gammal jordbruksby og administrativt senter vest i det sentrale Jordan. Han ligg ved den gamle hovudvegen frå Amman til Jerusalem, Balqa-høglandet, kring 790–1 100 meter over havet, nær Jordandalen. Han er bygd over tre åsar, og på ein av desse, Jebal Al Qal'a, ligg ruinane av ei borg frå 1200-talet. Han er det administrative senteret i Balqa guvernement.

Salt
السلط
by
Land Jordan
guvernementBalqa guvernement
Høgd820 moh.
Koordinatar32°02′N 35°44′E / 32.033°N 35.733°E / 32.033; 35.733
Areal48 km² [1]
 - storbyområde79 km²
Folketal 88 900  (2011)
Folketettleik1 852 / km²
Grunnlagd300 fvt.
 - kommune1887
Retningsnummer+(962)5
Kart
As-Salt
32°02′21″N 35°43′38″E / 32.039166666667°N 35.727222222222°E / 32.039166666667; 35.727222222222
Wikimedia Commons: As-Salt
Nettstad: http://www.salt.gov.jo/ar

Stor-Salt kommune har kring 97 000 innbyggjarar (2006), der 65 % er muslimar og 35 % kristne.

Historie

Byen Salt ligg i eit kupert terreng.
Hamam-gata i gamlebyen i Salt.

Det er ikkje kjend når byen først vart busett, men ein trur han vart bygd av den makedonske hæren under regjeringstida til Aleksander den store. Byen vart kalla Saltus i bysantinsk tud og var setet for ein biskop. På den tida vart byen rekna for å vere den viktigaste busetanden på Austbreidda av Jordanelva. Busetnaden vart øydelagd av mongolane og så bygd opp att under regjeringstida til mamelukk-sultanen Baibars (1260–1277) og vart eit regionssenter nok ein gong under Det osmanske riket. Tidleg i 1830-åra var Salt igjen angripen, denne gongen under eit raid av den egyptiske statthaldaren Ibrahim Pasha i felttoget hans mot osmanarane i Palestina.

Glanstida til Salt var seint på 1800-talet då handelsfolk reiste frå Nablus for å utvide handelsnettverket sitt aust for Jordanelva. På grunn av mange nye innbyggjarar vart Salt raskt utvida frå ein enkel bondelandsby til ein by med mange elegante bygningar, mange bygd i Nablusi-stil. Mange av bygningane frå denne tida står framleis i Salt i dag.

Etter fyrste verdskrigen var byen staden der Herbert Samuel, britisk høgkommisær i Palestina, valde å annonsere at britane favoriserte eit hashimittisk-styrt område på Austbreidda av Palestinamandatet (dagens Jordan). Dette vart ein realitet i 1921 då Abdullah I vart emir av Transjordan. Salt verka å bli byen som skulle bli vald til hovudstaden i det nye emiratet, sidan det meste av handelen og industrien strøymde gjennom Salt. Salt hadde i denne tida ingen vidaregåande skular. Likevel valde Abdullah byen som hovudstaden i emiratet sitt, men endra etter kvart meining og flytta til Amman då han følte han ikkje kom overeins med notabiliteten i Salt. Amman var på den tida ein liten by med berre 20 000 innbyggjarar, men opplevde etter kort tid rask vekst.

Kommunedistrikt

Stor-Salt kommune er delt inn i ni distrikt:

DistriktFolketal (2006)Areal (Km2)
1Salt71 10048
2Zai25807.7
3Umm Jouzeh33554.2
4Wadi Alhoor18151.73
5Al-Yazeediyeh9001.08
6Yarqa53004.154
7Ira41004.4
8Allan46403.8
9Rumaimeen28844,3

Kjelder

🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen