Averøy kommune

kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg
(Omdirigert frå Averøy)
«Averøy» omdirigerer hit. For øya kommunen har namn etter, sjå Averøya.

Averøy er ein kommune på nordsmørskysten i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i vest til Kristiansund og i sør til Gjemnes og Eide. Averøy kommune ligg på Averøya, den største øya i kommunen, som er skilt frå fastlandet og nabokommunane ved Bremsnesfjorden, Kvernesfjorden og Kornstadfjorden. Averøy femner også fleire mindre øyar og holmar nordvest for hovudøya.

Averøy kommune
kommune
Kommunevåpen
Land Noreg
FylkeMøre og Romsdal
Adm.senterBruhagen
Areal175,68 km²
 - land172,89 km²
 - vatn2,79 km²
Folketal 5 955  (1. januar 2024)
Målformnøytral
OrdførarIngrid Ovidie Rangønes (Ap)
Kommunenr.1554
Kart
Averøy kommune
62°59′50″N 7°33′19″E / 62.997222222222°N 7.5552777777778°E / 62.997222222222; 7.5552777777778
Wikimedia Commons: Averøy
Nettstad: www.averoy.kommune.no

Averøy kommune vart oppretta i 1964 etter samanslåing av den tidlegare kommunen Kvernes, og delane av dei tidlegare kommunane Bremsnes og Kornstad som låg på Averøya, i tillegg til dei mindre øyane på kysten utanfor. Ei mindre grensejustering var i 1983, då Eldhusøya på Atlanterhavsvegen vart overført frå Eide til Averøy.

Kjende folk frå Averøy kommune

Bilete

Bakgrunnsstoff

Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.