Bellevue i Washington

Bellevue er ein by i Eastside-regionen i King County i delstaten Washington i USA. Byen, som ligg på austbreidda av Lake Washington, i luftlinje einast 5-6 kilometer frå sentrum i Seattle, har over 150 000 ibuarar. Bellevue er i gagnet ein forstad til storbyen Seattle.

Bellevue
by
Land USA
StatWashington
FylkeKing County
Areal87,361944 km²
Folketal 151 854 (1. april 2020)[1][2]
Kart
Bellevue i Washington
47°36′52″N 122°11′33″W / 47.614444444444°N 122.1925°W / 47.614444444444; -122.1925
Wikimedia Commons: Bellevue, Washington

Bellevue har vore i kraftig vekst dei siste tiåra. Før og etter lavkonjunkturen i 2008 har sentrumsområdet vore i snøgg endring og mange høghus vorte bygt.

Lastebilprodusenten Paccar, teleoperatøren T-mobile US og videospel-produsenten Valve har alle hovudkontor i Bellevue. Teknologiselskapet Amazon.com vart grunnlagt her i 1994.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Bellevue i Washington