Bigami

Bigami (tvigifte) vil seia at einkvan er gift med to andre personar, og er ei form for polygami. Avhengig av jurisdiksjon kan det vera lovleg eller ulovleg.

Matteus av Ajello avbilda som bigamist.

I lovverk som berre tillet monogami, der ein person berre kan vera gift med ein annan person om gongen, er det å inngå eit nytt ekteskap medan ein framleis er gift med ein annan rekna som ulovleg, og dette andre ekteskapet er ikkje rekna som gyldig. Det kan likevel vera nødvendig med ei formell oppløysing av ekteskapet i nokre lovverk. Bigamistiske ekteskap som er inngått i eit område der dei er gyldige er som regel heller ikkje rekna som gyldige om ein flytter til eit område der dei er ulovlege.

Historie

Monogami ser ut til å ha blitt den dominerande ekteskapsforma i det gamle Hellas og Romarriket.[1] Gjennom den kristne mellomalderen blei det innført fleire innskrenkingar mot bigamistiske ekteskap, og statusen og arvretten til barn frå slike ekteskap.[2] Den globale dominansen til europeiske kolonisatorar frå 1500-talet av spreidde praksisen med å hindra bigami til store delar av verda.[3]

Det var likevel lenge nokså utbreidd for kongelege i vesten å inngå meir enn eitt ekteskap, der eit såkalla morganatisk ekteskap eller det å vera «gift til venstre hand» var ein måte å gifta seg med ei metresse. Kona og barna frå dette ekteskapet fekk ikkje alle rettar knytte til eit vanleg ekteskap, men barna var rekna som fødde innanfor ekteskap og kona kunne likevel ikkje gifta seg med andre.[4]

Lovverk

Dei fleste land i vesten tillet ikkje fleirgifte, og reknar inngåing av bigamistiske ekteskap som brotsverk. Nokre stader finst det også forbod mot polygame levesett, utan ei formell ekteskapsinngåing. Dette finn ein særleg døme på i USA, der ein har innført lovar mot polygami blant mormonarane. Her finst det døme på at retten har slått fast at einkvan er gift med fleire etter common law, og straffa han for polygami.[5]

Noreg

Bigami er forbode i Noreg etter ekteskapsloven § 4,[6] og kan straffast med bot eller fengsel i opptil eitt år etter straffeloven av 20. mai 2005 § 262.[7] Kvar av ektefellane kan reisa sak om å få eit bigamisk ekteskap oppløyst ved dom. Om dei ikkje gjer det, har statsforvaltaren ansvar for å få ekteskapet oppløyst. Eit bigamisk ekteskap kan likevel bli gyldig dersom det føre ekteskapet opphøyrer, utan at ein treng utføra ein ny vigsel. Bigamistiske ekteskap ein har inngått i utlandet der slike ekteskap er gyldige, er i prinsippet ikkje gyldige i Noreg. Dei kan likevel anerkjennast ved svært spesielle høve.[7][8]

Kjelder