Bjørn Arild Gram | |||
| |||
Fødd | 7. mai 1972 (52 år) Steinkjer kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar, bonde, forretningsdrivande | ||
Utdanna ved | Universitetet i Nordland | ||
Alle verv |
|
Bjørn Arild Gram (fødd 7. mai 1972) er ein norsk politikar for Senterpartiet frå Steinkjer. Han har vore forsvarsminister i Støre-regjeringa sidan 12. april 2022.[1] Før det var han kommunal- og distriktsminister frå 2021 til 2022 i same regjering. Gram var ordførar i Steinkjer kommune frå 2007 til 2020 og arbeidande styreleiar i arbeidsgjevar- og interesseorganisasjonen til kommunane KS frå 2020 til 2021.[2][3][4]
Gram vaks opp på garden Øvre Skjefte i Steinkjer som son av Harald Gram og Else-Marie Grove, av trønderslekta Gram på farssida.
Etter at han fullførte vidaregåandeutdanninga si ved Steinkjer vidaregåande skule, gjekk han til rekruttskule på Steinkjersannan og tenestegjorde som grensevakt ved Garnisonen i Sør-Varanger. Han er utdanna siviløkonom frå Handelshøgskolen i Bodø. I tillegg har han studert økonomi, leiing og administrasjon ved Høgskolen i Nord-Trøndelag og dessutan historie ved NTNU.[5]
Gram har tidlegare arbeidd som avdelingsleiar for kontroll og analyse i Telenor Mobil si kredittavdeling på Rørvik frå 2000 til 2005.[5] Før Gram kom inn på Stortinget var han gardbrukar på Øvre Skjefte i Steinkjer, der han har dreiv korndyrking, skogdrift og økologisk frilandgris.[6]
Gram vart vald inn i Steinkjer kommunestyre for fyrste gong i 1992, og seinare inn i fylkestinget i Nord-Trøndelag i 1995. Mellom 1996 til 1998 var han leiar i Senterungdommen.[5]
Frå 2003 til 2005 var Gram leiar i Senterpartiet si fylkestingsgruppe i Nord-Trøndelag, og statssekretær i Finansdepartementet under Stoltenberg II regjeringa frå 2005 til 2007.[5] I 2007 vart han vald til ordførar i Steinkjer kommune. Han har òg vore vararepresentant til Stortinget i fleire periodar.[7]
Mellom 2004 til 2007 og frå 2010 til 2012 var han leiar i Nord-Trøndelag Senterparti
Gram var nestleiar i arbeidsgjevar- og interesseorganisasjonen til kommunane KS frå 2012 til 2020, og frå 2020 til 2021 var han styreleiar. Han vart friteke frå ordførarvervet sitt etter at han vart KS-leiar.[3]
Den 14. oktober 2021 vart han utnemnd til kommunal- og distriktsminister i Støre-regjeringa. Frå 12. april 2022 vart han forsvarsminister i same regjering etter at Odd Roger Enoksen trakk seg som forsvarsminister.[8] Sigbjørn Gjelsvik vart ny kommunal- og distriktsminister.
Oscar Torp (1945) · Jens Chr. Hauge (1945–52) · Nils Langhelle (1952–54) · Kai Birger Knudsen (1954–55) · Nils Handal (1955–61) · Gudmund Harlem (1961–63) · Håkon Kyllingmark (1963) · Gudmund Harlem (1963–65) · Otto Grieg Tidemand (1965–70) · Gunnar Hellesen (1970–71) · Alv Jakob Fostervoll (1971–72) · Johan Kleppe (1972–73) · Alv Jakob Fostervoll (1973–76) · Rolf Hansen (1976-79) · Thorvald Stoltenberg (1979–81) · Anders C. Sjaastad (1981–86) · Rolf Presthus (1986) · Johan Jørgen Holst (1986–89) · Per Ditlev-Simonsen (1989–90) · Johan Jørgen Holst (1990–93) · Jørgen Kosmo (1993–97) · Dag Jostein Fjærvoll (1997–99) · Eldbjørg Løwer (1999–2000) · Bjørn Tore Godal (2000–01) · Kristin Krohn Devold (2001–05) · Anne-Grete Strøm-Erichsen (2005–09) · Grete Faremo (2009–2011) · Espen Barth Eide (2011-2012) · Anne-Grete Strøm-Erichsen (2012–2013) · Ine Marie Eriksen Søreide (2013–2017) · Frank Bakke-Jensen (2017–2021) · Odd Roger Enoksen (2021–2022) · Bjørn Arild Gram (2022–) |
Akershus | |
---|---|
Aust-Agder | |
Buskerud | |
Finnmark | |
Hedmark | |
Hordaland | |
Møre og Romsdal | |
Nord-Trøndelag | |
Nordland | |
Oppland | |
Oslo | |
Rogaland | |
Sogn og Fjordane | |
Sør-Trøndelag | |
Telemark | |
Troms | |
Vest-Agder | |
Vestfold | |
Østfold |