Brårud

Brårud er ein tettstad i Nes kommuneRomerike i Akershus. Staden har 467 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg på vestsida av Vorma, ti km nordom Vormsund. Grenda ligg ikkje langt frå Fenstad, og folket i grenda soknar til Fenstad kyrkje i Nes prestegjeld.

Brårud
tettstad
Svanfossvegen (FV179) går gjennom Brårud.
Land Noreg
FylkeAkershus
KommuneNes
Areal0,38 km²
Folketal 467  (2023)
Folketettleik1 229 / km²
Postnummer2162 BRÅRUD
Kart
Brårud
60°12′37″N 11°19′57″E / 60.210277777778°N 11.3325°E / 60.210277777778; 11.3325

Brårud hadde tidlegare eige postkontor. Postnummeret 2162 BRÅRUD er framleis i bruk. Det er òg grunnskule (Brårud skole) i grenda med undervisning frå 1. til 7. steg. Skulen vart bygd i 1975.

Sjå òg

Kjelder

Denne geografiartikkelen som har med Akershus å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.