Den brende jords taktikk

(Omdirigert frå Brente jords taktikk)

Den brende jords taktikk eller brend jords taktikk[1] er ein militær taktikk som går ut på å øydeleggje alt som kan brukast av fienden medan ein sjølv rykker fram eller særleg trekkjer seg ut av eit område.[2] Utrykket stammar frå praksisen med å brenne avlingane for å hindre fienden matkjelder, sjølv om han ikkje avgrensar seg til matlager, men òg kan omfatte øydelegging av husly, transportmiddel, kommunikasjonsmiddel og industrielle ressursar og fordriving av folk frå området. Ofte har desse handlingar ein like stor eller større nytteverdi i moderne krigføring sidan moderne hærar vanlegvis tek med seg sine eigne matforsyningar. Praksisen kan utførast av ein hær i fiendtleg territorium, eller av ein hær på eige territorium. Taktikken kan òg innebere å setje opp dødsfeller eller mineleggje husly, transportmiddel osb

Brennande bygningar i Russland i 1943, fotografert av tyske styrkar. Tyskland nytta den brende jords taktikk fleire gonger under andre verdskrigen.
Tyske troppar brukte den brende jords taktikk då dei trekte seg vestover frå Murmanskfronten under andre verdskrigen. Biletet viser Rovaniemi i Finland, der 90 % av busetnaden vart brunne av tyskarar på retrett under Lapplandskrigen hausten 1944.

Krigar der taktikken er blitt brukt

  • Vlad Tepes brukte den brende jords taktikk med stor effekt i 1462 under invasjonen til tyrkarane av Valakia. Denne taktikken var så effektiv at tyrkarane returnerte heim utan å ha vore i slag.
  • Under napoleonskrigane vart taktikken brukt med militær suksess både i Spania og Russland.
  • I den amerikanske borgarkrigen sette general Sherman i verk denne taktikken under marsjen sin til havet.
  • Under den andre kinesisk-japanske krigen (1937-1945) øydela kinesiske soldatar demningar i eit forsøk på å oversymje landet for å forsinke framrykkinga til japanske soldatar. Denne taktikken førte til oversymjinga av Huang He i 1938.
  • Indonesia og proindonesiske militsar brukte taktikken i tida rundt lausrivinga til Aust-Timor i 1999.
  • Under andre verdskrigen sette tyske troppar i verk taktikken for alle områda på Murmanskfronten som dei måtte trekkje seg ut av sommaren og hausten 1944, i Sovjetunionen (Russland), på Lapplandsfronten i Finland og i Noreg.[1] Òg Sovjetunionen brukte denne taktikken under krigen.
  • Under Golfkrigen i 1990, då irakiske styrkar blei drivne ut av Kuwait, sette dei fyr på over 600 kuwaitiske oljebrunnar.[3] Brannane bleistarta frå januar til februar 1991, og den siste blei sløkt i november 1991.[4]
I Noreg
  • Tvangsevakueringa og nedbrenninga av Finnmark og Nord-Troms av den tyske okkupasjonsmakta under andre verdskrigen førte til at all busetnad og infrastruktur i norske område nord og austom Lyngen vart øydelagt for å hindre at dei invaderande, sovjetiske styrkane frå aust fekk tilgjenge på forsyningar. Dei tyske styrkane sine systematiske og totale rasering av landsdelen denne siste krigsvinteren vart av kong Olav omtalt som den største katastrofen i norsk historie sidan svartedauden.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Den brende jords taktikk