Bristolkanalen

Bristolkanalen (walisisk Môr Hafren; engelsk Bristol Channel) er ei stor bukt i Storbritannia mellom Sør-Wales og Devon og Somerset i Sørvest-England. Ho strekkjer seg frå det nedre estuaret til elva Severn og utover til Nord-Atlanteren. Bukta er kalla opp etter den engelske byen Bristol og er over 50 km på det breiaste.

Bristolkanalen
bukt
Satellittbilete av Bristolkanalen
Land Storbritannia
Del avNord-Atlanteren
Kart
Bristolkanalen
51°21′N 3°42′W / 51.35°N 3.7°W / 51.35; -3.7
Wikimedia Commons: Bristol Channel

Bristolkanalen har område på begge sider som har Heritage Coast-status, mellom anna Exmoor, Bideford-bukta, Hartland Point-halvøya, Lundy-øya, Glamorgan, Gowerhalvøya, South Pembrokeshire og Caldey Island.

I 2004 kåra The Times sitt reisemagasin Barafundle Bay i Pembrokeshire som ei av dei tolv beste strendene i verda. I 2007 vart Oxwich Bay nemnd på same liste av same magasin.

Omfang

International Hydrographic Organization set yttergrensa til Bristolkanalen som ein linje frå Hartland Point i Devon (51°01′N 4°32′W / 51.017°N 4.533°W / 51.017; -4.533) til St. Govan's Head i Pembrokeshire (51°36′N 4°55′W / 51.600°N 4.917°W / 51.600; -4.917).[1]

Den indre grensa til kanalen er mellom Sand Point i Somerset og Lavernock Point i Sør-Wales. Aust for denne linja ligg Severn-estuaret. Det vestlege og nordlege Pembrokeshire og det nordlege Cornwall er utanfor Bristolkanalen.

Økologi

Kanelen frå Barry i Wales
Bristolkanalen ved Ilfracombe i Nord-Devon, vestover mot Lee Bay
Soloppgang over Bristolkanalen frå Minehead

Ved fjøre sjø vert store delar av kanelen slamflater på grunn av den store tidvasskilnaden på heile 15 meter,[2] og berre Bay of Fundy i Aust-Canada har større tidvasskilnad i verda.[3][4] Bristolkanalen er eit viktig område for dyreliv, særleg vadefuglar her er fleire nasjonale naturreservat, som Bridgwater Bay ved munningen av River Parrett. Fleire utviklingsplanar for ein flyplass og ei tidvassperre for straumproduskjon har vorte stogga på grunn av miljøomsyn.

Av store øyar i Bristolkanalen finn ein Lundy, Steep Holm og Flat Holm. Øyane vernar dei indre delane av kanalen frå uvêr. Øyane er i stor grad ikkje busett og er verna som naturreservat med mange unike villblomar.

Bristolkanalen har mange flotte strender og vakker natur, særleg langs kysten av Exmoor og Bideford Bay i Devon og Vale of Glamorgan og Gowerhalvøya på kysten av Glamorgan. Vest i Exmoor finn ein Hangman-klippene, dei høgaste klippene på det britiske fastlandet, som er høgast nær Combe Martin med Great Hangman på 318 meter over havet. På Gowerhalvøya finn ein lengst vest Worms Head, ei slangeforma øy av kalkstein, som berre er mogeleg å nå ved fjøre sjø. Strendene på Gower (til dømes i Rhossili) og Bideford Bay i Nord-Devon er kjende for den gode vasskvaliteten og er populære surfeområde.

Bristolkanalen er farleg farvatn på grunn av kraftige tidvasstraumar og det finst få stader nord i Cornwall og Devon som ein kan nå i både flo og fjøre. Dette gjer losen til ein naudsynt del av skipsfarten i området.

Byar

Bristolkanalen frå Llantwit Major nær Barry på Glamorgankysten

Byen Bristol, ved River Avon, har gjeve namn til kanalen og var ein gong ei av dei viktigaste hamnebyane i Storbritannia. Det er framleis hamneområde i sentrum av byen, men vert i dag stort sett nytta av fritidsbåtar. Av feriebyar langs Bristolkanalen finn ein Weston-super-Mare, Burnham-on-Sea, Watchet, Minehead og Porlock i Somerset og Ilfracombe, Bideford og Barnstaple in Devon.

Byen Cardiff ligg på nordsida av bukta ved Cardiff Bay. Lenger vest ligg byen Swansea. Ein viktig hamneby på den walisiske delen av kanalen er Milford Haven med ein stor oljeterminal. Feriebyar og landsbyar langs kysten i Wales er Penarth, Llantwit Major, Mumbles og Barry med Barry Island.

Transport

Fleire katamaranar kryssar kanalen, særleg mellom Swansea og Ilfracombe.[5]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

51°18′00″N 3°37′00″W / 51.30000°N 3.61667°W / 51.30000; -3.61667