Carl Frode Tiller

norsk historikar og skribent

Carl Frode Tiller (fødd 4. januar 1970)[1] er ein norsk forfattar, historikar og musikar frå Namsos.

Carl Frode Tiller

NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd4. januar 1970 (54 år)
Namsos
YrkeForfattar
Språknynorsk
Periode2001-
Sjangerroman
DebutSkråninga
Nettstadcftiller.no
Carl Frode Tiller på Commons

Tiller forfattardebuterte med romanen Skråninga i 2001. Boka vart svært godt teken mot av kritikarane og han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris og P2-lytternes romanpris for henne. Romanen Innsirkling frå 2007 gav han Brageprisen. Han vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris for både Innsirkling og Innsirkling 2, og fekk European Union Prize for Literature i 2009 for Innsirkling. Tiller skriv bøkene sine på nynorsk.

Bøkene hans har vorte omsette til svensk, dansk, islandsk, fransk, tsjekkisk, ungarsk og tysk.[2]

Saman med Håvard Thørring er han gruppa Kong Ler, som har utgjeve to CD-ar.

Utgjevingar

Bibliografi

  • Skråninga – roman (2001)
  • Bipersonar – roman (2003)
  • Innsirkling – roman (2007)
  • Folkehelsa – skodespel (2009)
  • Skråninga – skodespel (2010)
  • Innsirkling 2 – roman (2010)
  • Portrett av ein varulv – skodespel (2011)

Diskografi

  • Kong Ler - Smil! – CD (1997)
  • Kong Ler - Sauter, et bakterievorspiel bak beingrinda – CD (2000)

Teateroppføringar

Prisar

Referansar

Bakgrunnsstoff