Computer Love av Kraftwerk

Computer Love
Singel av Kraftwerk
frå albumet Computer World
B-side

«The Model»

Språkengelsk
UtgjeveJuli 1981
SjangerSynthpop
Lengd3:45 (singel)
7:15 (album)
SelskapEMI
EMI5207 (UK)
Warner Bros. Records (US)
KomponistKarl Bartos, Ralf Hütter
TekstforfattarRalf Hütter, Emil Schult
ProdusentRalf Hütter
Florian Schneider
Kraftwerk-kronologi 
«Pocket Calculator»
(1981, UK)
Computer Love«Showroom Dummies»
(1982, UK)


Computer Love (tysk versjon «Computerliebe») er ein song av det tyske electronicabandet Kraftwerk. Han kom ut på albumet Computer World i 1981 og på singel same året. Singelen var ei dobbel A-side i lag med «The Model», og gjekk til tops på UK Singles Chart.

Melodien på Computer Love vart sidan nytta av Coldplay på songen Talk.

Andre versjonar

  • Songen var tspelt inn av Camouflage som ei B-side til singelen deira «Handsome» i 1991,[1] og sidan på samleplata deira Archive #01 i 2007.[2]
  • Songen vart spelt av Balanescu Quartet på albumet Possessed i 1992.
  • Songen vart spelt av The Album Leaf som eit skjult spor på EPen In an Off White Room i 2001.
  • Songen vart spelt av Glass Candy på albumet B/E/A/T/B/O/X i 2007.
  • Songen vart spelt av det argentinske electro-tangobandet Tanghetto som eit bonusspor på konsertalbumet VIVO i 2011.

Melodien og akkordane på songen vart nytta av Coldplay i 2005 på songen deira «Talk», som kom ut på albumet X&Y. Før utgjevinga hadde songaren Chris Martin bede den tyske gruppa om løyve. Etter å ha prøvd å få tak i bandet i lang tid fekk han ei handskrive notat attende der det berre stod «Ja».[3]

Lister

Liste (1981)Plassering
UK Singles Chart1
U.S. Billboard Hot Dance Club Play13

Kjelder