Día de Muertos

Día de Muertos, eller Día de los Muertos, er ei meksikansk feiring som finn stad den 1. og 2. november. Dagens feiring er ei blanding av førkolumbiske kulturar og dei katolske høgtidsdagane allesjelersdag og allehelgensdag.[1][2]

«La Catrina», ein av de mest kjende figurane på Día de Muertos.

Día de Muertos er ein festdag både i Mexico, Spania og Mellom-Amerika i tillegg til store delar av USA der det er mange meksikanarar og folk frå Mellom-Amerika.

Opphavet for feiringa av Día de Muertos i Mexico kjem frå før dei spanske conquistadorane kom til kontinentet. Det er registrert feiringar frå aztekarar, mayaer, purépechaer, nahuaer og totonakarar. Teikn tydar på at feiringane har føregått i fleire tusen år. Tidlegare var det vanleg å behalde hovudskallar som trofe og syne dei fram under ritual som symboliserte døden og atterfødinga.

Før den spanske erobringa blei feiringa utført i juni og juli. Etter at katolisismen fekk innpass, blei feiringa flytta til oktober/november slik at ho passa saman med allesjelersdag.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Día de Muertos
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.