Den russiske bjørnen

Den russiske bjørnen (russisk Русский медведь, romanisert Russkij medved) er eit utbreidd symbol for Russland, brukt i vitseteikningar, artiklar og dram frå så langt tilbake som 1500-talet.[1] Ved ulike høve kan han stå for Det russiske imperiet, Sovjetunion og dagens Russland.

«Turkey In Danger». Den russiske bjørnen, med tsarkrone, gjev ein kalkun som symboliserer Tyrkia ein bjørneklem. Teikning frå 1853 i samband med Krimkrigen.
Amerikansk politisk teikning frå 1904

Bjørnar i Russland

Russland har den største brunbjørnbestanden av noko land i verda, med truleg over 100 000 individ.[2]Rundt 36 000 av dei finst i Europeisk Russland. I resten av Europa bur det rundt 17 000 brunbjørnar.[3] Av dei mange bjørnane som held til i Sibir finst det grupper av dyr som blir svært store, som kamtsjatkabjørn og ussurijbjørn.[4] Det finst også andre bjørneartar i Russland, isbjørn i Sakha, Krasnojarsk, Vest-Sibir og nordeuropeisk Russland,[5] og kragebjørn.[6]

Bjørnar opptrer i russisk folklore og biletkunst. Ein har også fått verkelege bjørnar til å opptre på ulike vis gjennom fleire hundreår. Bjørnar blei trente i å utføra ulike rørsler, gjerne slike som etterlikna folk. Ein kunne også bruka dei til rituale som skulle driva ut vonde ånder. Bruk av bjørnar til å opptre blei forboden i 1867, men bjørnar som underhaldning blei gjenoppliva med bjørnesirkus, der bjørnar mellom anna kjørte motorsyklar, på 1940-talet.[7]Ein har halde fram med å bruka levande bjørnar som skodespelarar og maskotar.[8][9] Det er også blitt laga ei rekkje oppdikta bjørnar, som Vinni Pukh, inspirert av Ole Brumm (Winne the Pooh) og OL-maskoten Misja.[10]

Historie

Bjørnen har ofte blitt brukt som symbol i Vesten. Bjørnar var lenge knytte til Russland gjennom reiseskildringar, og bjørnen som symbol på Russland oppstod blant britiske karikaturteiknarar og blei seinare utbreidd i USA. Bildet var ikkje alltid smigrande – det kunne visa Russland som «stort, brutalt og klønete».

Bjørnebiletet har likevel også blitt brukt som eit positivt symbol på landet av russarar, særleg på 1900-talet. Bjørnungen Misja som maskot for Sommar-OL 1980 i Moskva brukte til dømes bjørnen som eit søtt og vennleg symbol.

Ronald Reagan kjempa for å bli gjenvald som amerikansk president i 1984, brukte han bjørn som motiv i ein kjend reklamefilm kjend som «Bear in the woods».

Etter oppløysinga av Sovjetunionen var det ein del støtte i det russiske parlamentet for å ha ein bjørn på det nye russiske riksvåpenet, men etterkvart gjekk ein tilbake til doubbeltørna frå Tsar-Russland i staden.

Seinare har bjørnen blitt symbol for det politiske partiet Sameint Russland, som har dominert politikken i Russland sidan tidleg i 2000-åra.

Galleri

Bilde frå Russland

Bilde frå land utanfor Russland

Kjelder