Det nasjonale gjennombrotet
Det nasjonale gjennombrotet viser til eit nytt medvit om og interesse for norsk kultur og identitet på 1840- og 1850-talet. Omgrepet blei laga av Moltke Moe i 1890-åra og lagt fram gjennom førelesingsserien Det nationale gjennembrud og dets Mænd.
Det nasjonale gjennombrotet heng saman med eit aukande medvit om nasjonal kultur, og blir gjerne knytt til nasjonalromantikken. Ein fatta særleg interesse for norsk bondekultur og brukte dette som inspirasjon for «høgkultur». Kjende figurar frå denne tendensen er folkeeventyrsamlarane Asbjørnsen og Moe, kunstmålarane Tidemand og Gude (som ofte arbeida saman på same målarstykket) og musikarane og komponistane Edvard Grieg og Ole Bull.
Kjelder
- «Det nasjonale gjennombruddet». Saga. Henta 23. november 2017.Denne kulturartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen