Dvergflodhest

pattedyrart
Dvergflodhest
Dvergflodhest
Dvergflodhest
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt truga[1]Utbreiinga av dvergflodhest
Utbreiinga av dvergflodhest
Systematikk
Underrekkje:Virveldyr Vertebrata
Klasse:Pattedyr Mammalia
Overorden:Paraxonia
Orden:Klauvdyr Artiodactyla
Familie:Flodhestar Hippopotamidae
Underfamilie:Hippopotaminae
Slekt:Choeropsis
Art:Dvergflodhest C. liberiensis
Vitskapleg namn
Choeropsis liberiensis
Morton, 1849

Dvergflodhest (Hexaprotodon liberiensis) er ein flodhestart frå Vest-Afrika som er ein femdel så tung som vanleg flodhest. Dvergflodhesten veg berre 200-280 kg, og er mellom 1,5 m og 1,8 m lang. Han har eit relativt lite, meir avrunda hovud og smalare føter med færre tær med symjehud. Han et òg meir variert kost, mellom dei buskar, bregnar og frukter. Dvergflodhestar lever vanlegvis åleine, men territoria deira kan overlappa kvarandre. Dei beitar om natta, medan dei følgjer veltråkka stiar. Om dagen held dei til gøymd i sumpar eller hi på elvebreidda som dei har overtatt etter andre dyr og utvida. Hoa går drektig i 190-200 dagar, og føder éin unge. Ungen blir fødd i vatnet eller i hiet. Flodhestungen kan bli tatt av krokodiller eller pytonslangar, men vaksne dyr treng ikkje frykta noko rovdyr, bortsett frå leopardar og menneske.

Dvergflodhesten er rekna som sterkt truga. Arten finst i Côte d'Ivoire, Guinea, Liberia og Sierra Leone. Han er blitt utrydda i Nigeria.[1]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Dvergflodhest