Elisa Silva

portugisisk songar

Elisa Silva (fødd 7. mai 1999) er ein portugisisk songar frå øya Madeira. I 2020 vann ho den portugisiske songtevlinga Festival da Canção med songen «Medo de Sentir». Etter sigeren skulle Silva ha representert Portugal i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1][2]

Elisa Silva

Fødd7. mai 1999 (25 år)
FødestadMadeira
OpphavPortugal
Aktiv2019–
Sjangerpop
Verka somvokalist

Bakgrunn

Silva vart fødd på Madeira og dreiv med musikk allereie som barn. Ho deltok i fleire lokale musikkfestivalar, og vart inspirert av musikk frå 1960-, 1970- og 1980-åra – og då artistar som The Beatles, Queen, Eagles og ABBA.[3]

Som 17-åring byrja Silva å studere jazz ved Conservatório da Madeira. Seinare studerte ho musikk i hovudstaden Lisboa og signerte platekontrakt med Warner.[3]

I 2020 var Silva ein av deltakarane i den portugisiske songtevlinga Festival da Canção i regi av kringkastaren RTP. Silva vann finalen laurdag 7. mars 2020 med låten «Medo de sentir», og skulle dimed ha representert Portugal i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland.[4] Ho skulle ha delteke i den andre semifinalen torsdag 14. mai 2020 i Rotterdam Ahoy. På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[5]

Referansar