Portugal i Eurovision Song Contest

Portugal debuterte i Eurovision Song Contest i 1964 og har delteke 53 gongar. Portugal var frå 2006 til 2017 det landet som hadde delteke flest gongar utan å vinne, og fram til 2017 var den beste plasseringa til Portugal ein sjetteplass. I 2017 lykkast det omsider for Portugal å vinne Eurovision Song Contest for fyrste gong, då Salvador Sobral vann tevlinga med balladen «Amar pelos dois». Portugal arrangerte difor Eurovision Song Contest i 2018. Portugal har komme sist fire gongar: i debutåret 1964, i 1974, i 1997 og på heimebane i 2018. Etter innføringa av semifinalar i 2004 har Portugal kvalifisert seg til finalen 7 av 16 gongar.[1]

Portugal

OffisieltPortugal

RTP
Uttakingar
Nasjonalt52
Internt1
Deltaking
Debutår1964
Deltakingar53
Beste resultat
Semifinalen1 (2017)
Finalen1 (2017)
Verste resultat
Semifinalen19 (2006)
FinalenSist (1964, 1974, 1997 og 2018)
Poeng
Semifinalane1 496
Finalane2 413
Totalt3 909

Historikk

Det er den portugisiske statskringkastaren RTP som sender Eurovision Song Contest i Portugal, og som vel det portugisiske bidraget til tevlinga. Bidraga til Portugal har alltid vorte valde gjennom den årlege portugisiske songtevlinga Festival da Canção – tilsvarande norske Melodi Grand Prix.

Portugal debuterte i Eurovision Song Contest i København i 1964, men fekk ein tøff start då dei hamna heilt sist utan å få nokon poeng. Også resten av 1960-åra baud på låge plasseringar, og i 1970 valde RTP å stå over tevlinga.

Lang veg til siger

Dei neste ti åra vart langt bedre resultatmessig, og fem gongar kom Portugal på topp ti. Sjuandeplassane i 1972 og 1980 var dei beste plasseringane til Portugal heilt fram til 1996, då Lúcia Moniz song Portugal til ein sjetteplass med «O meu coração não tem cor». Songen fekk 12 poeng blant anna frå den norske juryen, og sjetteplassen var den beste plasseringa til Portugal i Eurovision Song Contest fram til 2017.[2] Suksessen bana veg for ein vidare song- og skodespelarkarriere for Moniz, både i og utanfor Portugal. Blant anna spela ho den portugisiske hushjelpa Aurélia i juleklassikaren Love Actually.[3]

Etter 2000 har Portugal hatt liten suksess i tevlinga. I 2008 vart Vânia Fernandes nummer 13 av 25 i finalen, den beste plasseringa til Portugal på ti år. Sidan EBU innførte semifinalar i Eurovision Song Contest i 2004, har Portugal berre kvalifisert seg til finalen fem av tretten gongar.[1] I 2017, på sitt 49. forsøk, lykkast det omsider for Portugal å vinne Eurovision Song Contest for fyrste gong, då Salvador Sobral vann tevlinga med balladen «Amar pelos dois». Poengsummen Sobral fekk i finalen, 758 poeng, er den høgaste poengsummen som har blitt oppnådd i Eurovision Song Contest nokosinne.

Fråvær

Sidan debuten i 1964 har Portugal stått over tevlinga ved fem anledningar. Fyrste gongen var i 1970, då Portugal saman med Austerrike, Finland, Noreg og Sverige boikotta tevlinga i protest mot tevlingsreglane og det at fire land hadde delt sigeren året før.[4]

Neste fråvær kom i 2000, då Portugal måtte stå over tevlinga på grunn av dårlege plasseringar åra før. I 2002, 2013 og 2016 valde RTP frivillig å stå utanfor tevlinga. Fråværet i 2002 gav plass til Latvia, som etter kvart enda opp med å vinne tevlinga det året.[5][6]

Songen som «velta» eit diktatur

Då Portugal debuterte i Eurovision Song Contest, var landet framleis eit autoritært regime under leiing av den diktatoriske statsministaren António de Oliveira Salazar. Også nabolandet Spania var i praksis eit diktatur, og presse og dei som kjempa for demokrati reagerte på at dei to landa fekk deltake i tevlinga. Under finalen i 1964, storma ein mann scena med ein plakat der det stod «boikott Franco og Salazar», ein protest mot dei fascistiske statssjefane i Spania og Portugal. Mannen vart eskortert bort frå scena, og fjernsynssjåarane vart vist eit bilete av resultattavla medan dette arbeidet pågjekk. Hendinga påverka likevel ikkje framsyninga av det portugisiske bidraget, då hendinga skjedde i pausen mellom det sveitsiske og det belgiske bidraget.[7]

Ti år etter fekk bidraget til Portugal på ny ein politisk skugge over seg. Trass den delte sisteplassen vart songen «E depois do adeus», sungen av Paulo de Carvalho, ei viktig brikke i overgangen frå diktatur til demokrati i Portugal.[8] «E depois do adeus» vart nytta som eitt av to kallesignal for å setje i gang Nellikrevolusjonen i Portugal. Då songen vart spelt på portugisisk radio klokka 22.55 om kvelden 24. april 1974, var dette eit signal til opprørarane om å forberede kuppet for å velte det sitjande regimet i Lisboa.[9]

Songen «Grândola, Vila Morena», spela av den bannlyste folkemusikaren Zeca Afonso, vart spelt på radio halvannan time seinare. Denne songen var eit signal om at kuppet var i gang, og at kuppmakkarane hadde begynt å take kontroll over strategiske institusjonar i landet. I løpet av eit døgn lykkast det kuppmakkarane å velte diktaturet, og Portugal kunne starte overgangen til demokrati. I boka Official History of The Eurovision Song Contest kommenterer forfattaren John Kennedy O'Connor at «E depois do adeus» er det einaste bidraget «som faktisk har starta ein revolusjon».[10] Hendinga vart markert med ein eigen kortfilm under den andre semifinalen i 2018, då Portugal arrangerte tevlinga.[11]

Bidrag

ÅrArtistSongSpråkFinalenSemifinalen
PoengPlassPoengPlass
1964António Calvário«Oração»Portugisisk013Ingen semifinaler
1965Simone de Oliveira«Sol de inverno»Portugisisk113
1966Madalena Iglésias«Ele e ela»Portugisisk613
1967Eduardo Nascimento«O vento mudou»Portugisisk312
1968Carlos Mendes«Verão»Portugisisk511
1969Simone de Oliveira«Desfolhada portuguesa»Portugisisk415
1971Tonicha«Menina do alto da serra»Portugisisk839
1972Carlos Mendes«A festa da vida»Portugisisk907
1973Fernando Tordo«Tourada»Portugisisk8010
1974Paulo de Carvalho«E depois do adeus»Portugisisk314
1975Duarte Mendes«Madrugada»Portugisisk1616
1976Carlos do Carmo«Uma flor de verde pinho»Portugisisk2412
1977Os Amigos«Portugal no coração»Portugisisk1814
1978Gemini«Dai li dou»Portugisisk517
1979Manuela Bravo«Sobe, sobe, balão sobe»Portugisisk649
1980José Cid«Um grande, grande amor»Portugisisk717
1981Carlos Paião«Playback»Portugisisk918
1982Doce«Bem bom»Portugisisk3213
1983Armando Gama«Esta balada que te dou»Portugisisk3313
1984Maria Guinot«Silêncio e tanta gente»Portugisisk3811
1985Adelaide Ferreira«Penso em ti, eu sei»Portugisisk918
1986Dora«Não sejas mau para mim»Portugisisk2814
1987Nevada«Neste barco à vela»Portugisisk1518
1988Dora«Voltarei»Portugisisk518
1989Da Vinci«Conquistador»Portugisisk3916
1990Nucha«Há sempre alguém»Portugisisk920
1991Dulce Pontes«Lusitana paixão»Portugisisk628
1992Dina«Amor d'água fresca»Portugisisk2617
1993Anabela«A cidade (até ser dia)»Portugisisk6010
1994Sara Tavares«Chamar a música»Portugisisk738
1995Tó Cruz«Baunilha e chocolate»Portugisisk521
1996Lúcia Moniz«O meu coração não tem cor»Portugisisk9263218
1997Célia Lawson«Antes do adeus»Portugisisk024Ingen semifinaler
1998Alma Lusa«Se eu te pudesse abraçar»Portugisisk3612
1999Rui Bandeira«Como tudo começou»Portugisisk1221
2001MTM«Só sei ser feliz assim»Portugisisk1817
2003Rita Guerra«Deixa-me sonhar (só mais uma vez)»Portugisisk og engelsk1322
2004Sofia Vitória«Foi magia»PortugisiskIkkje kvalifisert3815
20052B«Amar»Portugisisk og engelsk5117
2006Nonstop«Coisas de nada (Gonna Make You Dance)»Portugisisk og engelsk2619
2007Sabrina«Dança comigo»Portugisisk, fransk og spansk8811
2008Vânia Fernandes«Senhora do mar (Negras águas)»Portugisisk69131202
2009Flor-de-Lis«Todas as ruas do amor»Portugisisk5715708
2010Filipa Azevedo«Há dias assim»Portugisisk4318894
2011Homens da Luta«A luta é alegria»PortugisiskIkkje kvalifisert2218
2012Filipa Sousa«Vida minha»Portugisisk3913
2014Suzy«Quero ser tua»Portugisisk3911
2015Leonor Andrade«Há um mar que nos separa»Portugisisk1914
2017Salvador Sobral«Amar pelos dois»Portugisisk75813701
2018Cláudia Pascoal«O jardim»Portugisisk3926Direktekvalifisert
2019Conan Osíris«Telemóveis»PortugisiskIkkje kvalifisert5115
2020Elisa«Medo de sentir»PortugisiskAvlyst
2021The Black Mamba«Love Is on My Side»Engelsk153122394
2022Maro«Saudade, saudade»Engelsk og portugisisk20792084
2023Mimicat«Ai coração»Portugisisk

Røystehistorikk

Portugal har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
1 Spania243
2 Italia231
3 Storbritannia192
4 Tyskland185
5 Frankrike162

Portugal har fått flest poeng frå
#LandPoeng
1 Frankrike211
2 Spania188
3 Sveits149
4 Nederland107
5 Noreg84

Galleri

Eurovision Song Contest i Portugal

ÅrStadArenaProgramleiarar
2018LisboaAltice ArenaCatarina Furtado, Daniela Ruah, Filomena Cautela og Sílvia Alberto

Sjå òg

Referansar

Kjelder