Covid-19

luftvegssyndrom forårsaka av koronaviruset sars-CoV-2

Covid-19 er ein sjukdom valda av koronaviruset SARS-CoV-2 og som i hovudsak råkar luftvegane, og som breidde seg over heile verda gjennom koronavirusutbrotet i 2019–2020. Han kan føra til alvorleg lungebetennelse og daude. Særskilt eldre og menneske med underliggjande sjukdomar er utsette for å utvikla alvorleg sjukdom.

Covid-19

SymptomFeber, hoste, trøyttleik, kortpustheit, tap av luktesans; tidvis ingen symptom[1][2]
ÅrsakerSARS-CoV-2
Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD000086382

Den første smitten til menneske med koronaviruset SARS-CoV-2 skjedde på slutten av 2019. Sidan spreidde sjukdommen seg pandemisk over heile verda. Viruset blir i hovudsak spreidd med spyttdropar direkte i ansiktet eller via hender og gjenstander til ansiktet. Spreiingpotensialet er moderat (R0 rundt 3), men sidan dette var ein ny sjukdom ingen i utgangspunktet var immune mot, kunne ein per mai 2020 rekne med at ein epidemi ville ramme 50-70 % av folket før han brann ut.

Sjukdommen artar seg særs varierande, frå ikkje merkbar infeksjon til forkjølelse, influensaliknande symptom, lungebetennelse, akutt lungesvikt og død. Alle kan få alvorleg sjukdom, men risikoen for å døy av sjukdommen auker med alderen. Mens dødsrisikoen er under 1: 10 000 og 1:1000 hos unge vaksne, kan meir enn 1:10 av dei eldste døy dersom dei blir smitta av sjukdommen.

På individnivå er sjukdommen totalt sett ikkje så veldig alvorleg, men ein ukontrollert epidemi vil samla gi ei stor sjukdomsbyrde som kan sprengje kapasiteten innan helsevesenet. Det er derfor nødvendig med offentlege tiltak for å hindre eller bremse utbreiinga av smitte i samfunnet.

Behandling

Behandling av to covid-19-pasientar i Iran i 2020.

Behandling av symptom kan inkludera væskebehandling og oksygenbehandling.[3][4][5] Ekstrakorporal membranoksygenering (ECMO), ein teknikk for å tilføra oksygen til pasientar med alvorleg redusert lunge- eller hjartefunksjon, har vore brukt i samband med respirasjonssvikt.[6][7]

Til behandling av pasientar med store pusteproblem bruker ein pustemaskinar (respiratorar).[8]

Ein har prøvd ulik medikament som behandlingsmiddel for sjukdommen. Deksametason og remdesivir har hatt påvist klinisk effekt i randomiserte kontrollerte studiar.[9]

Eksperimentell behandling har gått føre seg i fleire land.[10][11] I nokre høve har ein prøvd å bruka anti-retrovirale medisinar (ofte brukt mot HIV/AIDS) til behandling.[12][13]

Kjelder

Bakgrunnsstoff