Førstegangstjenesten

Førstegangstjenesten er ein norsk humorserie frå 2019, laga av Herman Flesvig og NRK. Serien handlar om unge rekruttar som drar til ein norsk militærleir for å avtene førstegongstenesta. Flesvig speler sjølv fleire av rollene, og serien vart filma på Hvalsmoen utanfor Hønefoss.[1]

Førstegangstjenesten
Typefjernsynsserie
SjangerHumor
OpphavslandNoreg
Produksjonsland Noreg
Sesongar2
Episodar20
Lengd10–15 min. (per episode)
SpråkNorsk
SkaparHerman Flesvig
ManusHerman Flesvig
Mikkel Niva
RegiErlend Westnes
FotoMads Sæther Juul
Periode13. desember 2019–
19. november 2021
KanalNRK

Det vart først laga to pilotepisodar som vart sende i 2019. Episodane fekk positiv mottaking, og NRK sette seg føre å lage ein heil sesong med ti nye episodar i 2020.[2] Sesong 2 hadde premiere i november 2021.[3]

Serien vann Excellence-prisen i 2019 i klassen «årets programserie web-TV», og vart kåra til beste humorprogram under utdelinga Gullruten i 2021.[4]

Kjelder

Bakgrunnsstoff