Faro

Faro er ein hamneby i Algarve i Portugal. Byen hadde 41 934 innbyggjarar i 2004.[1] Han er den største byen i Algarve og «hovudstad» for regionen.[2]

Faro
by
Faro sett frå lufta
Flagg
Våpenskjold
Land Portugal
RegionAlgarve
DistriktFaro
Areal201,6 km²
Folketal 58 664  (2006)
Grunnlagd1266
Kart
Faro
37°00′58″N 7°56′06″W / 37.016111111111°N 7.935°W / 37.016111111111; -7.935
Wikimedia Commons: Faro, Portugal
Nettstad: http://www.cm-faro.pt/

Historie

Faro blei erobra av maurarar i 1249.[2]Byen har vore bispesete sidan 1577.[2]Som mange andre stader i Portugal blei store delar av byen øydelagd av jordskjelvet i Lisboa i 1755.[2]

Natur

Ved Faro ligg naturreservatet Ria Formosa, ein lagune på over 170 kvadratkilometer som er rikt på dyreliv, særleg trekkfuglar om vår og haust.

Næringsliv og institusjonar

Hamna i Faro har vore brukt til fiske og utførsel av frukt, kork og anna. Ein har også tradisjonelt levd på fiskehermetikkindustri her.[2] Sidan midten av 1900-talet har turisttrafikk blitt stadig meir viktig.

Byen har eit arkeologisk museum, eit etnografisk museum og eit sjøfartsmuseum, Universitetet her, Universidade do Algarve, blei grunnlagd i 1979.[2]

Transport

Faro har ein internasjonal flyplass.[2] Norwegian har blant anna ei flyrute til byen. Dette var den fyrste utanlandske flyruta til flyselskapet Norwegian.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Faro
Denne geografiartikkelen som har med Portugal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.