Flevoland

Flevoland er ein provins i Nederland. Han ligg midt i landet ved den tidlegare Zuiderzee. Provinsen vart oppretta 1. januar 1986 som den tolvte provinsen i landet og med Lelystad som administrasjonssete. Provinsen har om lag 370 000 innbyggjarar og består av seks kommunar.

Flevoland
Provincie Flevoland
provins
Flagg
Symbol
Land Nederland
HovudstadLelystad
Areal1 419,0 km²
Folketal 399 893 (31. desember 2013)[1]
Kart
Flevoland
52°32′00″N 5°40′00″E / 52.533333333333°N 5.6666666666667°E / 52.533333333333; 5.6666666666667
Wikimedia Commons: Flevoland

Historie

Etter ein storflaum i 1916 vart det avgjort av Zuiderzee, ei bukt i Nederland, skulle lukkast og drenerast. Zuiderseeprosjektet vart sett i verk og i 1932 stod Afsluitdijk ferdig og bukta vart fullstendig lukka frå sjøen. Zuiderzee vart då kalla IJsselmeer.

Den første delen av den nye innsjøen som vart drenert og tørrlagt var Noordoostpolder. Dette nye landområdet inkluderte dei tidlegare øyane Urk og Schokland og vart ein del av provinsen Overijssel. Etter dette vart andre delar tørrlagt. Den søraustlege delen i stod ferdig i 1957 og den sørvestlege delen i 1968. Kommunane i desse nye områda stemde for å verte ein eigen provins, noko som skjedde i 1986.

Namn

Flevoland vart kalla opp etter Lacus Flevo som ifølgje romerske kjelder var ein stor innlandssjø i sørenden Zuiderzee, som oppstod seinare. Under dreneringa av Flevoland-polderane fann ein mange flyvrak frå den andre verdskrigen.

Kommunar

  1. Almere
  2. Dronten
  3. Lelystad
  4. Noordoostpolder
  5. Urk
  6. Zeewolde

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Flevoland