Fostertid

Fostertid er den tida eit ho-pattedyr går med eit foster. Tida vert rekna frå siste paringsdagen fram til fødselen. Eit hodyr som går med eit foster vert kalla drektig.

Drektig sebra. Grant's sebra har ei fostertid på 12-13 månader.

Lengda på fostertida er mykje ulik hos dei ulike dyreslaga og kan variere ikkje lite innan same arten. Fostertida er jamt over lengst hos dei store dyra og stuttast hos dei små, og ho er høvesvis lenger hos dyr som lever og føder i ope lende enn hos dyr som lever og føder gøymde i jordhòl. Ho er og jamt over lengre hos dyr med lågt fostertal.

Syrisk hamster har stutt fostertid.
Elefantfoster i ulike utviklingsstadie. Afrikansk elefant har ei fostertid på rundt 22 månader.

Blant dei pattedyra som har stuttast fostertid, er syrisk hamster med berre 16 dagar. Afrikansk elefant har den lengste, med rundt 660 dagar.

Fostertid hjå menneske

Hjå menneske reknar ein som regel svangerskap frå slutten av siste menstruasjon. Eit svangerskap av normal lengd varer då i 40 veker, og eit foster med ei fostertid på mellom 259 og 294 dagar blir rekna som fullbore.

Oversyn

HusdyrGjennomsnittleg fostertid i dagar
Kanin31
Mink53
Tamkatt63
Hund63
Svin114
Geit151
Sau148
Kyr281
Hest335
Kamel400
Ville dyrGjennomsnittleg fostertid i dagar
Mus19
Rotte22
Ekorn36
Røyskatt42
Ulv63
Tiger107
Løve108
Bjørn210
Sjimpanse236
Isbjørn240
Mår278
Spermkval480–500
Elefant630

Kjelder