Galaksehop

Galaksehopar er samlingar av galaksar som ligg så nære kvarandre at dei dannar eit lokalt system som krinsar rundt eit felles massesentrum. Ein galaksehop kan bestå av alt ifrå ei handfull til fleire tusen galaksar spreidde utover eit område på meir enn ti millionar lysår. Ein typisk avstand mellom galaksar i ein galaksehop kan vera på éin til to millionar lysår.[1]

Bilete frå Hubbleteleskopet av Stephans kvintett, den mest studerte av alle galaksehopar.

Vår eigen galakse, Mjølkevegen, er del av galaksehopen den lokale gruppa.

Galakshopar klyngjer seg vidare saman i superhopar som kan innehalda 10-50 galaksehopar og spenna over område kanskje større enn 300 millionar lysår.[2]

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Fotnotar

Denne astronomiartikkelen som har med galakse å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.