Global Biodiversity Information Facility

Global Biodiversity Information Facility (GBIF) er ein internasjonal organisasjon som arbeider med å gjera vitskaplege data om biodiversitet tilgjengelege på Internett. Data blir levert av mange institusjonar i heile verda og GBIF gjer dataa tilgjengelege og søkbare i ein enkelt portal. Data som er tilgjengeliggjort i GBIF-portalen er primært data om plantar, dyr, fungus og mikrobar i verda og dessutan vitskaplege namn.[3]

Global Biodiversity Information Facility

Skipa2001
Nettstadhttps://www.gbif.org Sjå dette på Wikidata
██ Medlemmar med stemmerett som har underteikna 2012 MoU██ medlemmer med stemmerett som ikkje har underteikna 2012 MoU██ Assosierte medlemmar som har underteikna 2012 MoU██ Assosierte medlemmar som ikkje har underteikna 2012 MoU– MoU = Memorandum of Understanding.[1][2]

Saman med partnarane Species 2000 og Integrated Taxonomic Information System (ITIS) har GBIF i seinare tid òg engasjert seg i Catalogue of Life.[4]

GBIF Norge

GBIF Norge er den norske deltakarnoden i Global Biodiversity Information Facility. Hovudoppgåva til den norske organisasjonen er å gjera primærdata om biologisk mangfald frå norske samlingar og observasjonsdatabasar fritt tilgjengeleg for alle over internett og å koordinera GBIF-relaterte aktivitetar i Noreg.[5][3]

Noreg blei med i GBIF i 2004, og Naturhistorisk museum i Oslo har vore vertskap for den norske deltakarnoden sidan han blei danna i 2005. Artskartdatabasen blei sett i gang i november 2007[3]

Kjelder

Bakgrunnsstoff