Guelph

Guelph (uttalt Listeni/ɡwɛlf/) er ein by i Ontario i Canada. Ved folketeljinga i 2021 hadde han 143 740 innbyggarar.[1][2] Byen ligg om lag 100 km vest for Toronto, og er administrativt senter i Wellington County.

Guelph
by
Rådhuset i Guelph
Land Canada
ProvinsOntario
Areal288,42 km²
Folketal 143 740 (2021)
Kart
Guelph
43°33′N 80°15′W / 43.55°N 80.25°W / 43.55; -80.25
Wikimedia Commons: Guelph

Byen er bygd på det tradisjonelle landet til Mississaugas of the Credit First Nation.[3] Urfolk livnærte seg i området så tidleg som for 11 000 år sidan.[4] Folkegruppa kjend som attawandaron budde her i langhus og dyrka mais her.[5] I 1784 kjøpte den britiske krona eit landområde som omfatta dagens Guelph frå mississaugafolk for rundt 1 180 pund.[4]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Guelph