Heidi Weng

Heidi Weng (fødd 20. juli 1991) er ein norsk langrennar frå Enebakk. Ho tok bronsemedaljen på 15 km under Ski-VM 2013, og gjekk for det norske laget som vart verdsmeistrar på 4 x 5 km stafett. Weng representerer IL i BUL, tidlegare var ho medlem av Idrettslaget Driv.

Heidi Weng

StatsborgarskapNoreg
Fødd20. juli 1991 (32 år)
Ytre Enebakk
Yrkelangrennsløpar, friidrettsutøvar
Språknorsk, engelsk
Høgd163 centimeter
Heidi Weng på Commons

Aktiv

Weng var i 2010 med på det norske stafettlaget som i Hinterartzen vart verdsmeistrar for juniorar, i same meisterskapen fekk ho sølv i det individuelle rennet over 10 km. I januar 2011 deltok ho i junior-VM på ski i Estland. Her vann ho gull på 10 km og i stafett, og fekk bronse på 5 km fristil, bakom landsmanninene Ragnhild Haga og Kari Slind.

Etter fleire sterke prestasjonar i verdscuprenn i 2012-sesongen fekk ho sitt gjennombrot då ho 3. mars 2012 vart nummer tre på 15 km i Lahti, berre slått av landslagskollegaene Therese Johaug og Marit Bjørgen. To veker seinare tok ho endå eit steg opp på pallen, då ho kom på andreplass i mini-tour-rennet i Falun. Marit Bjørgen kunne ho ikkje gjere noko med, men ho spurtslo svenske Charlotte Kalla og norske Therese Johaug.

Weng hevda seg i verdscupen i langrenn gjennom heile 2013-sesongen. Ho vart nummer tre i Kuusamo i byrjinga av desember og fekk same plasseringa på 10 km i Lahti tidleg i mars. Før ho kom så langt, hadde ho teke bronsemedalje på 15 km under ski-VM 2013 i Val di Fiemme og vorte verdsmeister i 4x5 km stafett for Noreg. Weng gjekk fyrsteetappen på det norske stafettlaget, sidan fullførte Therese Johaug, Kristin Størmer Steira og Marit Bjørgen den norske triumfen. Etter Lahti-spelen kom Weng på fjerdeplass på tremila i Holmenkollen og i minitouren i Falun.

Under noregsmeisterskapen 2013 tok Weng sine fyrste individuelle medaljar. I januar månad fekk ho bronse på 15 km, medan ho i mars tok sølv på 30 km.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap

  • Ski-VM 2013: Bronsemedalje på 15 km, gullmedalje i stafett, nr 4 på 30 km og nr 6 på 10 km
  • Vinter-OL 2014: Bronsemedalje på 15 km

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

Kjelder

  • Sportsboken, aktuelle årgangar