Vinter-OL 2014

Vinter-OL 2014 vart arrangert 7.23. februar 2014 i Sotsji i Russland som dei 22. olympiske vinterleikane. Den internasjonale olympiske komitéen avgjorde dette 4. juli 2007 på eit møte i Guatemala by.

Vinter-OL 2014

VertsbySotsji, Russland
Nasjonar88
Øvingar98
Idrettsgreiner15
Opna7. februar, av Vladimir Putin
EldtennarVladislav Tretjak
Irina Rodnina
Avslutta23. februar
Utøvarar
Menn1 705
Kvinner1 162
Totalt2 867
Dei olympiske vinterleikane
Vancouver 2010 Pyeongchang 2018
Sotsji sin OL-logo (utan ringane)
Russisk frimerke frå 2012 med OL-maskotane

Idrettsgreiner

Søknader

Da søknadsfristen gjekk ut 28. juli 2005 hadde Almaty (Kasakhstan), Borjomi (Georgia), Jaca (Spania), Sofia (Bulgaria), Sotsji (Russland), Pyeongchang (Sør-Korea) og Salzburg (Austerrike) levert inn søknader. I tillegg hadde det vore diskutert i Noreg og Sverige om ein skulle søkje. I Noreg stod det mellom Lillehammer eller Tromsø. Forkjemparar for eit OL i Tromsø jobba for å få til ein søknad, men regjeringa og Stortinget sa nei til statsstøtte til prosjektet.

Almaty, Borjomi, Jaca og Sofia vart eliminert av IOC 22. juni 2006. I «finalen» 4. juli 2007 rauk Salzburg ut i den første avrøystinga, slik at valet altså stod mellom Sotsji og Pyeongchang i omrøystinga. Det var Sotsji som tok sigeren.

Sjå også

Bakgrunnsstoff