Falun
Falun er ein by i Falu kommun i Dalarnas län i Sverige. Han er administrasjonssenter for Falu kommune og residensby for Dalarnas län. Falun er den 26. største tettstaden i Sverige, med 36 447 innbyggarar (2005).[1] Fram til 1971 heitte han Falu stad. Byen er kjend for ei no nedlagd kopargruve og for årlege skirenn i verdcupen. I 1993 gjekk ski-VM i Falun.
Falun | ||
---|---|---|
Falun sett frå Radiohuset. | ||
Styresmakter | ||
Landskap Len Kommune | Dalarna Dalarnas län Falu kommun | |
Geografi | ||
Flatevidd | 26,40 km² | |
Innbyggjarar | 36 447 | |
Innbyggjarar - By (31. desember 2020) | 39 492 | |
Høgd over havet | 110 m | |
Tidssone - Ved sommartid | UTC+01:00, UTC+2 (UTC) UTC+2 (UTC) | |
Diverse anna | ||
Heimeside: http://www.falun.se |
Geografi
Faluån renn rett gjennom byen og deler den i to delar. På den eina sida ligg Falu koppargruva som gjennom fleire hundreår var den viktigaste næringsverksemda til byen. Denne sida av elva vert difor kalla den gruvliga sidan ('den fæle sida') på folkemunne, på grunn av at det ikkje voks så mykje på den forgifta marka. På den andre sida av elva ligg det fleire store og vakre gamle villaar og denne sida vert kalla den ljuvliga sidan ('den vene sida').
Tilknyttande vegar
Nærliggande stader
Aspeboda, Bengtsheden, Bjursås, Borlänge, Enviken, Grycksbo, Sundborn, Svärdsjö, Sågmyra, Vika
Vällan er ein liten sjø på tre kvadratkilometer som ligg sørvest for Falun.
Kjente personar frå Falun
- Ferdinand Boberg, arkitekt
- Mattias Flink, massemordar
- Maria Hjorth, golfspelar
- Jenny Kallur, idrettsutøvar
- Susanna Kallur, idrettsutøvar
- Marcus Ljungqvist, syklist
- Thomas Quick, dømt seriemordar, seinare frikjend
- Ernst Rolf, skodespelar og musikar
- Georg Skarstedt, skodespelar
- Putte Wickman, jazzklarinetist
- Walter Steiner, skihoppar
- Georg Stiernhielm, skald, «Den svenska skaldekonstens fader»
Folketalsutvikling
Folketalsutviklinga i Falun 1960-2005[2] | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innb. | Areal | ||
1960 | 20 564 | |||
1965 | 26 420 | |||
1970 | 28 788 | |||
1975 | 30 073 | |||
1980 | 32 374 | |||
1990 | 34 615 | 2549 | ||
1995 | 35 931 | 2615 | ||
2000 | 35 315 | 2617 | ||
2005 | 36 447 | 2640 | ||
Samanvoksen med Korsnäs i 1965 og med Korsgården i 1990 |
Sjå òg
- Gävledala – regionalnyheter
- Dalarna
- Dalarnas län
- Falu kommun
- Falu Kuriren
- Falun och Kopparbergslagen
- Stora Kopparbergs socken
- Lugnet
- Falu rödfärg
- Falukorv
- Falun Folkmusik Festival
- Falukalaset
- Föreningar i Falu kommun
- Studentradion Falun
- Svenska skidspelen
- Rockstad:falun
- Snöklockan (skulptur)
Kjelder
- Fotnotar
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad
- Falun.info Arkivert 2011-07-18 ved Wayback Machine.
- Falu turistbyrå
- Falu Kommuns stadsdelsinformation Arkivert 2008-09-27 ved Wayback Machine.