Helge Holden

norsk professor og matematikar

Helge Holden (fødd 28. september 1956 i Oslo) er ein norsk matematikkprofessor og har særleg arbeidt med ikkje-lineære partielle differensiallikningar og matematisk fysikk.

Helge Holden

Fødd28. september 1956
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdematematikk, matematisk fysikk
Yrkematematikar, universitetslærar
InstitusjonarNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Alma materUniversitetet i Oslo
DoktorgradsrettleiarRaphael Høegh-Krohn
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
American Mathematical Society
Norges Tekniske Vitenskapsakademi
Academia Europaea
Society for Industrial and Applied Mathematics

Holden vart dr. philos. i 1985 på ei avhandling om kvantemekanikk[1] og vart tilsett på NTH året etter. Han vart utnemnd til professor ved NTNU i 1991. Han har hatt forskningsopphold ved New York University og Caltech. Han har vore leiar for fleire programstyrer i Noregs forskningsråd. Han har vore visepresident i European Mathematical Society og tidlegare president i European Consortium for Mathematics in Industry.

Han har vore med i redaksjonsrådet for Journal of Nonlinear Mathematical Physics[2], redaksjonskomitéen til det eldste forskningstidskriftet i Noreg, Det Kongelege Norske Videnskabers Selskabs Skrifter[3], og redaksjonsrådet i International Journal of Differential Equations[4].

Holden var styremedlem i styret i NTNU frå 2009 til 2013 og styreleiar for Abelfondet frå 2010 til 2014[5]. Han er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.

I 2022 vart han tildelt Gunnerusmedaljen, Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) sitt høgste heidersteikn.[6]

Han er innvalt som generalsekretær i The International Mathematical Union (IMU) for perioden 2019–2022.[7]

Bakgrunnsstoff

Kjelder