Himmelmandatet

Himmelmandatet eller tianming (kinesisk skrift 天命, pinyin tiānmìng) er ein kinesisk politisk og åndeleg førestilling brukt til å rettferdiggjera styret til den kinesiske keisaren.[1] Ifølgje denne oppfatninga gav himmelen (天, tian) – som utgjorde den naturlege ordenen og viljen til universet – mandatet til ein rettferdig herskar over det kinesiske landet: «Himmelsonen» av «Det himmelske riket». Det har resonans både i kinesisk folketru og i konfutsianismen.

Skjematisk framstilling av grunntanken om himmelmandatet.
Ein bi (璧) frå Zhou-tida til dynastiet: Den opphavlege tydinga er ikkje sikker, men over tid blei den forstått som eit symbol på, og tillitsuttrykk til Himmelen (天, Tian).

Skildring

Dersom ein herskar blei styrta, blei detta tolka som eit teikn på at herskaren var uverdig, og hadde mista himmelmandatet. Det var òg ein vanleg tenkjemåte at naturkatastrofar som hungersnaud og flaum var teikn på himmelsk misnøye med herskaren, og følgjeleg kunne det ofte finna stad opprør etter store katastrofar ettersom innbyggjarane såg på dette som teikn på at Himmelmandatet var trekt attende.[2]

Konseptet kan i ein viss forstand likna det europeiske førestillinga om «herskarar av Guds nåde»; men i motsetnad til den europeiske førestillinga gjev det ikkje ein herskerett utan vilkår. Konseptet ber i seg retten til å gjera opprør mot ein urettferdig herskar. Himmelmandatet blei ofte påkalla av kinesiske filosofar og lærde som eit middel til å førebygga maktmisbruk hjå herskarane.

Konseptet om Himmelmandatet blei først brukt til å stø opp om kongane av Zhou-dynastiet (1046 til 256 f.Kr.), og legitimare at dei hadde omstyrta det føregåande Shang-dynastiet (1600–1046 f.Kr.). Det blei brukt gjennom historia til Kina for å legitimera at nye herskarar hadde styrta dei gamle, og installert seg sjølv som nye keisarar med himmelsk godkjenning. Dette blei òg gjort gjeldande for herskardynasti som det mongolske styret (Yuan-dynastiet - 1271 til 1368) og det mandsjuiske styret (Qing-dynastiet - 1644 til 1912).

Den eldste historia

Den første drøftinga av omgrepet finn ein i skrifter som gjev att utsegner av hertugen av Zhou, som var den yngre broren til kong Wu av Zhou og regent for den mindreårige sonen til kong Wu, kong Cheng av Zhou. Denne hertugen blir sett på som den første som målbar førestillinga om himmelmandatet.

Shang-dynastiet hadde ifølgje denne førestillinga kunna regjera på grunn av slektsbanda sine til dei guddommeleg maktene — grunnleggjarane av dynastiet hadde vore guddommeleg sjølv, og dei var no samla i Himmelen, meinte ein. Himmelen var særs aktiv og intervenerte på mange og mysteriøse måtar i Shang-styret til kongane, noko som blir reflektert blant anna i spådomstekstar frå den seinare perioden av Shangtideaog orakelbeina som blei nytta då. Førestillinga om Himmelmandatet representerer ein overgang eller ei vidareutvikling av dette: No blei herskarane i verda ikkje lenger forstått som menneske av gudeslekt, men verda snarare forstått som eit føydalherredømme som Himmelen kunne gje til eigna herskarar, og ta frå dei ueigna.

Med denne utforminga tente Himmelmandatet som ei rettferdiggjering og grunngjeving for Zhou-dynastiet si maktovertaking og nedkjemping av Shang-dynastiet. Slik skulle det òg tena mange seinare dynasti som rettferdiggjering av maktovertakinga deira. Ein konsekvens av ideen om Himmelmandatet var at herskaren ikkje lenger trong vera av adeleg bakgrunn. Faktisk var det ei rekkje dynasti, som Han-dynastiet og Ming-dynastiet, som blei grunnlagt av personar av enkel byrd.

Med tanken om Himmelmandatet følgde ingen «embetsperiodar», det dreidde seg om kvalitetane til herskaren. Hertugen av Zhou brukte Himmelmandatet for å forklara for folket til Shangdynastiet at dersom kongen deira ikkje hadde vore slik ein dårleg herskar, ville mandatet ikkje ha blitt teke frå han.

Opp gjennom hundreåra utvikla førestillinga seg: No blei Himmelmandatet forstått slik at eit omskifte gjerne gav eit nytt og sunnare dynasti, men at dette normalt ville tendera mot forfall over tid. Himmelmandatet ville dermed knytast til dynastiske syklusar med denne dynamikken.

Tanken om Himmelmandatet var del av læra til den konfutsianske filosofen Mengzi. Likevel var det ikkje særleg sterkt framme i tenkinga til Konfutse, der ein snarare kan få eit inntrykk både frå kva Meisteren vektlegg og kva han tagde om at denne forklaringsmodellen var på veg ut.

Då konfutsianismen blei det statsberande systemet under Han-dynastiet blei likevel tankegangen om himmelmandatet fast innspent i utforminga til dette dynastiet av konfutsianismen.

Utanfor Kina

Konseptet var òg kjent i naboland som Korea og Vietnam.[3] Ein liknande situasjon vann fram under Ahom-styret i Kongeriket Assam i noverande India.

Kjelder

Litteratur