Hippie

Ein hippie (eller hippy) er eit medlem av ein liberal motkultur, opphavleg ei ungdomsrørsle som byrja i USA og Storbritannia midt i 1960-åra og spreidde seg til land verda over. Ordet hippie kjem frå hipster, og vart først nytta til å skildre beatniks som hadde flytta til Greenwich Village i New York City og Haight-Ashbury-området i San Francisco. Omgrepet hippie vart først popularisert i San Francisco av Herb Caen, som var journalist for San Francisco Chronicle. Opphavet til omgrepa hip eller hep er meir uvisse, men begge vart ein del av afroamerikansk slang i 1940-åra og tydde «sofistikert», «moteriktig» eller «moderne».[1][2][3] Beat-poetane byrja å bruke omgrepet hip og tidlege hippiar tok over språket og motkulturverdiane til Beat-generasjonen. Hippiar skapte sine eigne samfunn, lytta til psykedelisk musikk, omfamna den seksuelle revolusjonen og brukte dop som cannabis, LSD, peyote og fleinsopp for å endre medvitstilstanden sin.

Unge hippiar nær Woodstockfestivalen i august 1969.

I januar 1967 populariserte Human Be-In i Golden Gate Park i San Francisco hippie-kulturen og det førte til Summer of Love på Vestkysten i USA og Woodstockfestivalen i 1969 på Austkysten. Hippiar i Mexico, som vart kalla jipitecas, skipa La Onda og samla seg i Avándaro, medan nomadiske campingbileigarar på New Zealand parktiserte ein alternativ levestil og fremja berekraftig energi i Nambassa. I Storbritannia i 1970 samla mange seg på den enorme Isle of Wight-festivalen med eit publikum på kring 400 000.[4] I seinare år oppstod mobile «fredskonvoiar» av New Age-reisande som reiste rundt om sommaren til gratisfestivalar ved Stonehenge og andre stader. I Australia samla hippiane seg i Nimbin i 1973 for Aquarius-festivalen og den årlege cannabilslovreformen eller MardiGrass. Piedra Roja-festivalen var ein stor hippiefestival i Chile i 1970.[5]

Hippiemotar og verdiar hadde ein stor effekt på kulturen, og påverka populærmusikken, fjernsyn, film, litteratur og kunst. Sidan 1960-åra har mange sider ved hippiekulturen glidd inn i storsamfunnet. Det religiøse og kulturelle mangfaldet som hippiane forfekta har blitt vidt akseptert og spirituelle konsept har nådd ut til mange folk.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Hippie
Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Hippie