IEEE 802.11

IEEE 802.11 er ein serie med standardar for trådlause lokalnett i frekvensbanda 2.4, 3.6 og 5 GHz. Dei mest populære er IEEE 802.11b og 802.11g-standardane, som byggjer på den originale IEEE 802.11-1997-standarden. Den originalen standeren var den fyrste trådlause nettverksstandarden, medan IEEE 802.11b var den fyrste allment aksepterte. Han vart etterfylgt av IEEE 802.11g og 802.11n. Andre standardar i familien (c-f, h, j) er teneste-endringar og utvidingar, eller rettingar til dei tidlegare spesifikasjonane.

IEEE 802.11b og 802.11g nyttar 2,4 GHz ISM-bandet. På grunn av dette valet av frekvensband, kan 802.11b- og g-utstyr tidvis lide av forstyrringar frå mikrobølgjeomnar, trådlause telefonar og Blåtann-einingar[treng kjelde]. IEEE 802.11b og 802.11g nyttar direkte-sekvens-spreiddpektrum (DSSS), respektivt ortogonal frekvens-divisionsmultiplexing (OFDM), som begge er robuste mot støy og interferens. OFDM er spesielt robust mot multibaneinterferens. IEEE 802.11a nyttar 5 GHz U-NII-band, som har minst 23 ikkje-overlappande kanalar, i staden for 2,4 GHz ISM-frekvensbandet, der tilstøytande kanalar overlappar. Bitfeilraten (BER) varierer noko med frekvensområdet [1]

Den delen av radiospektret som vert nytta av 802.11 varierer frå land til land. Frekvensane som nyttast av kanalane éin til seks av 802.11b og 802.11g fell innanfor 2,4 GHz amatørradiobandet. Lisensierte amatørradiooperatørar kan operere 802.11b / g einingar i samsvar med del 97 av FCC-reglane og forskrifter med auka effekt, men ikkje med kommersielt innhald eller kryptering.

Standardar i IEEE 802.11-familien

StandardÅrOmtale
802.111997Grunnstandarden, opp til 2 Mbit/s både via radio i 2,4 GHz ISN-bandet og IR.
802.11a1999Vidareføring av 802.11 med opp til 54 Mbit/s via radio i UNII-bandet (5GHz).
802.11b1999Vidareføring av 802.11 med opp til 11Mbit/s via radio i 2,4 GHz ISM-bandet. Enkel og billeg teknologi, fyrste standar som oppnådde kommersiell suksess.
802.11c2001Vidareutvikla del av IEEE 802.11d.
802.11d2001Standard der aksesspunktet annonserar landskode slik at klientar kan tilpasse seg til landet sine lovlege radiokanaler.
802.11e2005QoS, ressurstildeling av breiband avhengig av innhald. WMM (Wireless Multi Media) er ein del av dette.
802.11f2003IAPP, standard for kommunikasjon mellom accesspunkter. Trekt attende i 2006.
802.11g200354 Mbit/s, i 2,4 GHz ISM-båndet], bakoverkompatibel med 802.11b. Tilbyr det beste frå 802.11a og 802.11b.
802.11h2004Standard for dynamisk val av frekvens og avgrensing av utgongseffekten for å oppfylle reglane for 5 GHz-bandet i Europa.
802.11i2004Tryggleik for kontroll av tilgjenge og kryptering av 802.11, WPA2 er ein del av denne standarden.
802.11j2004Ei tilpassing for frekvenssoppdelinga i Japan.
802.11k2007?Radioforbetringar med energisparing, under utvikling.
802.11lReservert, kjem ikkje til å bli teken i bruk. Truleg pga. IEEE 802.111.
802.11mUnderlagt dokumentasjon for 802.11-familien, under utvikling.
802.11n2009?Oppe til standardisering. Skal gje "Ethernet-kapasitet", dvs 100 Mbit/s, og lengre rekkjevidd med uendra utsendt effekt. Nyttar mellom anna fleirantenneteknikk, MIMO. Mogeleg å kjøpe produkt allereie i dag, sokalla draft-n, som kan oppgraderast til endeleg standard når denne er ferdig.
802.11oReservert, kjem ikkje til å bli nytta. Truleg pga. IEEE 802.110.
802.11p2008?Wireless Access for the Vehicular Enviroment (WAVE).
802.11qReservert, kjem ikkje til å bli nytta. Truleg pga. IEEE 802.1q.
802.11r2007?Rask tilkopling («reassociation»).
802.11s2008?ESS meshnettverk.
802.11t2008?Wireless Performance Prediction (WPP), tilrådd for test og måling.
802.11u20??Internetworking med andre nett som GSM og WiMAX, under utvikling.
802.11v20??Standard for å tillate konfigurasjon av klientar.
802.11w20??Verna standard for å tillate konfigurasjon av klientar.
802.11xReservert, kjem ikkje til å bli nytta. Truleg pga. IEEE 802.11x nyttast som namngjeving på alle 802.11.
802.11y20??3650-3700 spesialstandard for USA.

Kjelder