Jalta

Jalta (ukrainsk og russisk: Ялта; krimtatarisk: Yalta) er ein ferieby i det sørlege Ukraina, på Krimhalvøya ved Svartehavet. Byen har kring 80 000 innbyggjarar (2011). Byen og omlandet utgjer administrativt Jalta kommune.

Jalta
Ялта
by
Flagg
våpen
Land Ukraina
RegionKrimhalvøya
Høgd40 moh.
Koordinatar44°29′58″N 34°9′19″E / 44.49944°N 34.15528°E / 44.49944; 34.15528
Areal283 km²
Folketal 78 032
Folketettleik78 032 / km²
TidssoneEET (UTC+2)
 - SommartidEEST (UTC+3)
Postnummer98600 — 98639
Retningsnummer+380-654
Tidlegare namnJalita (fram til 1400-talet)
Kart
Jalta
44°29′58″N 34°09′19″E / 44.499444444444°N 34.155277777778°E / 44.499444444444; 34.155277777778
Wikimedia Commons: Yalta
Nettstad: Offisiell nettstad

Byen ligg på same stad som ein antikk gresk koloni og vert sagt å vere grunnlagd av greske sjømenn som såg etter ei trygg hamn (γιαλός – yalosgresk). Han ligg i ei djup bukt som vender ut mot Svartehavet i sør, omgjeve av skogkledde fjell. Han har eit varmt fuktig subtropisk klima med mange vingardar og frukthagar i nærleiken.[1].

Den lengste trolleybusslinja i verda, over 80 kilometer lang, går frå Jalta til hovudstaden i Krim, Simferopol.

Bakhtsjysaraj

Gaspra

Gurzuf
Koreiz
Livadija
Massandra
Foros

Historie

Jalta vart sjølve badebyen i Det russiske imperiet på 1800-talet, då tsar Aleksandr II let sommarresidensen Livadia verte bygt i byen. Aristokratar som Leo Tolstoj og Anton Tsjekhov oppheldt seg mykje i Jalta. I sovjettida vart staden utvikla til ein kurstad.

Vinteren 1945 vart den viktige Jaltakonferansen heldt i palasset Livadia. Statsleiarane Winston Churchill, Josef Stalin og Franklin D. Roosevelt underteikna då avtalar gjeldande frå når andre verdskrigen tok slutt. Konferansen vart, etter krigen var over, fylgd opp av ein ny konferanse i Potsdam.

August 1991 vart president i Sovjetunionen, Mikhail Gorbatsjov, under ferieopphald heldt fanga nokre dagar i sin eigen datsja utanfor Jalta, medan det vart gjort forsøk på statskupp. Kuppet mislukkast og det heile enda med at Boris Jeltsin utropte seg til president over Russland, og Sovjetunionen vart oppløyst fire månader seinare.

Ukraina vart då ein sjølvstendig stat. Talet på turistbesøk til Jalta minka – mange russarar reiste i staden til den russiske kurstaden Sotsji. Seinare har Jalta vunne attende mykje av populariteten som turistmål.


Klima

Jalta ligg sør for Krimfjella innimellom fjella og klimaet er særs mildt. Jalta har eit fuktig subtropisk klima (Köppen si klimaklassifisering: Cfa) på grensa til middelhavsklima [1]. I februar er middeltemperaturen 4 °С. Snø er sjeldan og smeltar raskt når han først kjem. I juli er middeltemperaturen 24 °С. Årsmiddelnedbøren er 612 mm, og mest nerbør kjem det om vinteren. Byen har kring 2250 soltimar i året. Sidan byen ligg ved kysten av Svartehavet er vêret sjeødanm verken særs varmt på grunn av den kjølige havbrisen. Åsmiddeltemperaturen er +13 ºC.

Vêrdata for Jalta, 1981-2010
JanFebMarAprMaiJunJulAugSepOktNovDesÅr
Høgast målte °C17,81927,828,53333,939,139,13531,525,322,839,1
Gjennomsnittleg maks °C7,17,19,514,419,824,728,228,423,417,812,48,616,8
Døgnmiddeltemperatur °C4,446,110,715,820,624,124,419,314,29,25,913,2
Gjennomsnittleg min °C2,31,63,57,712,617,220,320,515,911,26,73,710,3
Lågast målte °C−12,2−12,3−7,3−3,82,87,812,28,93,9−1,1−8,9−7,4−12,3
Gjennomsnittleg nedbør mm766051333436314641536883612
Gns. dagar med regn11910109966891012109
Gns. solskinstimar i månaden74,481,2136,4180235,6285316,2291,4234167,49968,22 168,8
Kjelde: pogoda.ru.net[2]Hong Kong Observatory[3] for data of sunshine hours

Kjelder