Javier Hernández Balcázar

meksikansk fotballspelar
(Omdirigert frå Javier Hernández)

Javier Hernández Balcázar (fødd 1. juni 1988) er ein meksikansk fotballspelar som har spela for Manchester United. Kallenamnet hans, Chicharito, tyder den vesle erta.

Javier Hernández Balcázar
Personleg informasjon
Fullt namnFrancisco Javier Rodríguez Pinedo
KallenamnChicharito
Fødd1. juni 1988
FødestadGuadalajara
Høgd172 cm
PosisjonAngripar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Manchester United
Nummer14
Ungdomsklubbar
1997-2006Mexico Guadalajara
Seniorkarriere*
ÅrLagKampar (Mål)
2006-08
2010-
Mexico Guadalajara
Manchester United
64 (26)
40 (19)
Landslag
2000-Mexico Mexico33 (23)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 7. november 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 27. juni 2010

Karriere

Hernández starta karrieren sin i heimklubben Guadalajara som 11-åring i 1997, og heldt fram i klubben til han gjekk over til fyrstelaget i 2006. Frå 2006 til 2010 skåra han der 26 mål på 64 kampar.

Hernández vart teken ut til det meksikanske landslaget til fotball-VM 2010 i Sør-Afrika. Allereie vinteren før VM hadde Manchester United kjøpt spissen for å forsikra seg om at ingen andre kunne kjøpa han ved å sjå kor godt han gjorde det i VM. Han skåra to mål i meisterskapen, eitt i ein 2-0 siger over Frankrike, og eitt trøystemål då Mexico vart slått ut 1 - 3 av Argentina i ein åttandedelsfinale.Den statistiske analysen til FIFA synte at Hernández var den raskaste spelaren i heile verdsmeisterskapen det året. Han nådde ein toppfart på 32.15 km/t.

Hernández spelar no for Manchester United, og har fått ein strålande start der med 11 mål på 20 kampar så langt.

Kjelder

  • Bokmålswikipedia og Engelsk Wikipedia om Hernández.