Karavane

Karavane (frå persisk کاروان) er eit stort reisefølgje med lastedyr som kamelar, muldyr, esel eller hestar. Omgrepet er særleg kjend frå Asia og Nord-Afrika, der ein har lang tradisjon for at reisande slo seg saman i store følgje som vern mot uvêr, andre naturlege hindringar og overfall.

Kamelkaravane som transporterer salt gjennom Danakilørkenen i Etiopia.

I steppe- og ørkenområde har ein brukt mest kamelar til karavanar, medan ein i fjelland har brukt muldyr, esel og hestar. Ein karavane kan omfatta frå 40–50 opptil 600 eller fleire lastedyr. Kjende karavanevegar gjekk mellom Kina, gjennom Sentral-Asia, og Bukhara, ei rute kjend som Silkevegen, og mellom Beijing og Irkutsk i Sibirte-vegen»). Det går også fleire kjende karavaneruter gjennom Sahara, sjå transsaharahandel.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Karavane