Kengurufamilien
Kenguruar | |
Grå kjempekenguru med unge i pungen | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Infrarekkje: | Kjevemunnar Gnathostomata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Diprotodontia |
Underorden: | Macropodiformes |
Familie: | Kenguruar Macropodidae Gray, 1821 |
Kenguruar er ein pattedyrfamilie som høyrer til pungdyra. Han omfattar mellom anna raud og grå kjempekenguru og wallaby.
Ordet «kenguru» kjem frå engelsk kangaroo som er avleidd frå gangurru på aboriginarspråket guugu yimithirr. Dette ordet viste til den grå kjempekenguruen.[1][2] Namnet blei først skrive ned som kanguru den 12. juli 1770 i dagboka til naturforskaren Joseph Banks. Han var då ved breidda til Endeavour-elva, i området der byen Cooktown ligg i dag men der guugu yimithirr-folk budde då. Skipet HMS «Endeavour» leia av løytnant James Cook var på land der i fleire veker for å reparara skader det hadde fått på Great Barrier Reef.[3] Cook nemnde kenguruar for første gong i eit dagboksnotat frå 4. august.
Like etter at kenguruungen har blitt født, kryp han opp i pungen til mor si, klamre seg fast til ein kjertel og slepp ikkje før etter om lag ni månader. Då kryp han ut og kan ta sine første skritt.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
- «kenguru» i Store norske leksikon, snl.no.