Kokosnøtt

Kokosnøtt (Cocos nucifera) er ei stor steinfrukt frå kokospalmen. Ei kokosnøtt kan vega opptil tre kg. Skalet på frukta er svært hardt, og omgitt av eit lausare fiberlag når ho sit på treet. Dette kan fjernast og brukast som kokosfiber.

Halv kokosnøtt utan fiberlag.
Opna kokosnøtt med sugerøyr til å drikka kokosmjølka.
Mognande kokosnøtter på ein kokospalme.

Fruktkjøtet er kvitt, og i kjernen finst ei nær fargelaus væske, kokosvatn, som seinare blir kvitleg og tjukkare, kokosmjølk.Kokosvatnet kan drikkast ferskt eller brukast til å laga alkoholdrikkar som arak eller palmevin. Tørka fruktkjøt blir kalla kopra og er ei viktig vare i framstillinga av produkt som margarin og såpe. Tørka og riven frukt blir kalla kokosmasse og kan brukast i bakverk eller til middagsretter som karri.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Kokosnøtt
Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.