Kongedømet León

Kongedømet León var eit sjølvstendig land nordvest på Den iberiske halvøya. Det vart grunlagd i 910 då dei kristne prinsane av Asturias langs nordkysten av halvøya skifta sete frå Oviedo til byen León. Den atlantiske provinsen vart Kongedømet Portugal i 1139, og den austlege, indre delen av kongedømet vart slått saman med Kongedømet Castilla i 1230.

Reino de León/ Reinu de Llión
Kongedømet León

910–1301
 

FlaggVåpen
FlaggVåpen
Plasseringa til León
Plasseringa til León
Eit kart over kongedømet León i 1030.
HovudstadLeón
SpråkLatin, leonesisk, spansk og galicisk
ReligionKristendom, islam og jødedom.
StyreformMonarki
Historie
 - Oppretta910
 - Nedlagd1301

Frå 1296 til 1301 var Kongedømet León igjen sjølvstendig og etter unionen med Castilla vart det halde som eit kongedøme fram til 1833 som ein del av Spania. 30. november 1833 vart kongedømet omgjort til ein spansk region og inndelt i provinsar. I 1978 vart den same regionen ein del av den autonome regionen Castilla y León.

Kjelder

40°58′40″N 5°40′19″W / 40.97782°N 5.67186°W / 40.97782; -5.67186