Leppefisk

fiskefamilie
Leppefisk
Systematikk
Underrekkje:Virveldyr Vertebrata
Overklasse:Strålefinnefiskar Actinopterygii
Klasse:Actinopteri
Underklasse:Neopterygii
Infraklasse:Ekte beinfiskar Teleostei
Orden:Piggfinnefiskar Perciformes
Underorden:Labroidei
Familie:Leppefisk Labridae
Cuvier, 1816

Leppefisk (Labridae) er ein familie piggfinnefisk som lever i havet. Mange av artane er sterkt farga; og sidan fleire òg skiftar både farge og kjønn på ulike alderstrinn har det eksistert ein del forvirring i systematikken til gruppa. I norske farvatn opptrer 7 av dei ca 500 artane regelmessig.

Leppefiskane er ein stor og variert familie. Dei minste artane målar under 5 cm, medan dei største kan bli opptil 2,3 m lange.

Dei fleste artane er rovfisk på botnlevande virvellause dyr, men det finst òg plankton-etarar og artar som reinsker ektoparasittar frå større fisk.

Artar i norske farvatn

  • Berggylt (Labrus bergylta)
  • Bergnebb (Ctenolabrus rupestris)
  • Brungylt (Acantholabrus palloni)
  • Blåstål og raudnebb (Labrus mixtus)
  • Grasgylt (Centrolabrus exoletus)
  • Grøngylt (Symphodus melops)
  • Junkergylt (Coris julis)

Bakgrunnsstoff