Ljå
reiskap
Ljå er ein landbruksreiskap som mest vert nytta til å slå gras med. Ein ljå har typisk eit orv (treskaft) der ljåbladet er festa. Ein ljå med kort orv vert kalla stuttorv, medan ein ljå med langt orv vert kalla longorv.
Langorv vart nytta på innmark, der det var slett nok til at ein kunne slå rette skårar. Ofte gjekk det fleire slåttekarar etter kvarandre. Det var viktig at ljåen var kvass og at ein førte ljåen slik at han skar av graset ved rota. Det vart rekna som stor skam om ein ikkje klarte å halda same tempo som fyrsteslåttekaren og laut hoppa or skåren. Likeeins vart det rekna som viktig at skåren var jamn og at det ikkje stod att gras.
Stuttorv vart nytta til markaslott, der ein laut slå rundt jordfast stein, tuver og røter.
Kjelder
🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen