Llullaillaco

Llullaillaco er ein 6 739 moh. høg stratovulkan på grensa mellom Argentina og Chile.[1][2] Fjellet ligg i Puna de Atacama, Antofagasta-regionen, ein region med høge vulkanske toppar på eit høgfjellsplatå i Atacama-ørkenen.

Llullaillaco
fjell
Land Argentina,  Chile
FjellkjedeAndes
Høgd6 739 moh.
Koordinatar24°43′12″S 68°32′13″W / 24.72000°S 68.53694°W / -24.72000; -68.53694
Kart
Llullaillaco
24°43′12″S 68°32′13″W / 24.719863°S 68.536852°W / -24.719863; -68.536852
Wikimedia Commons: Llullaillaco

Llullaillaco er den nest høgste aktive vulkanen i verda, Ojos del Salado er den høgste. Llullaillaco er også den femte høgste vulkanen i verda og det sjuande høgste fjellet på den vestlege halvkula.[3] Llullaillaco er som dei fleste vulkanane på Puna de Atacama omgitt av masser av store sundknuste steinblokker. Toppen er stendig dekt av snø og små isbrear, trass det ekstremt turre klimaet i området.

Namnet på vulkanen kjem frå aymara og tyder 'skitvatn'. Kulturgjenstandar som ein har funne på toppen av Llullaillaco provar at menneske har vore til topps på fjellet før 1800-talet.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Llullaillaco