Lomboksundet

Lomboksundet er eitt sund mellom dei indonesiske øyane Bali og Lombok, og er ei sjølei mellom Indiahavet og Balihavet. Sundet er på det smalaste 18 kilometer breitt, og om kring 60 kilometer langt.

Lomboksundet
sund
Land Indonesia
Kart
Lomboksundet
8°30′00″S 115°50′00″E / 8.5°S 115.83333333333°E / -8.5; 115.83333333333
Lomboksundet søraust for Bali
Lomboksundet søraust for Bali
Lomboksundet søraust for Bali
Wikimedia Commons: Lombok Strait

Lomboksundet er omkring 250 meter djupt,[1] og vert derfor nytta som alternativ farlei av skip som er for djuptgåande for Malakkasundet på veg mellom Indiahavet og Stillehavet.

Sundet utgjer ei del av ei skarp biogeografiske grenselinje mellom faunaen i Søraust-Asia og den australske regionen, ei skiljelinje som vert kalla Wallacelinja.[2] Biologar trur det var djupna på sundet som skilde dyra som fanst på kvar side frå kvarandre.[3] Då havnivået gjekk ned under istida i pleistocen hadde øyane Bali, Java og Sumatra alle samband til det asiatiske fastlandet.[3]Dei fekk ein asiatisk fauna. Det djupe vatnet i Lomboksundet heldt Lombok og Dei små Sundaøyane skilde frå det asiatiske fastlandet. Desse øyane vart i staden koloniserte av australasiatisk fauna.[4]

Kjelder